Hopp til innhold

Mykje å gjere for politiet

Politiet melder om mange tilfelle av ordensforstyrring i Ålesund natt til søndag. Ein rusa og aggressiv mann har ifølge politiet skalla ei vakt ved ein utestad i hovudet. Personen vart vist vekk frå sentrum. Ein annan person blir meldt til politiet for å ha slått og sparka ein annan. Fleire personar er bedne om å forlate Ålesund sentrum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL