Hopp til innhold
Sunnmøre Museum
Foto: Odd Sørås / NRK

Museum på Sunnmøre

  • – Det hastar med å finne ei løysing

    Gruppeleiarane skal samlast før fylkestinget for å prøve å finne ei løysing på den betente muesumsstriden på Sunnmøre. Politikarane blei ikkje samde om ei felles løysing i fylkesutvalet i dag.

    Fleire av musea på Sunnmøre vil ikkje vere med i Viti som er regionmuseet på Sunnmøre og forsøk på å kome til semje har ikkje ført fram.

    – Vi må finne ei løysing raskt, seier Anders Riise (H) som fryktar at både dugnadsånda og ein del av kulturarva vil gå takt som følgje av striden.

    Anders Riise
    Foto: Roar Halten / NRK
  • Pris til Viti

    Musea på Sunnmøre, Viti, har vunne Norsk publikumsutvikling sin nasjonale pris «UTVIDAR». I grunngjevinga heiter det at musea får prisen for arbeidet med å styrke posisjonen sin i lokalbefolkninga. Dette gjer Viti ved å senke tersklane for grupper som normalt ikkje deltek i det offentleg finansierte kulturlivet.

    Norsk publikumsutvikling har som formål å styrke posisjonen til kunst og kultur i samfunnet.

    Viti vann pris
    Foto: Pressefoto / NPU
  • Pris til musea på Sunnmøre

    Musea på Sunnmøre, Viti, har vunne ein konkurranse under den nasjonale fagkonferansen SPOR, med produksjonen «Lykt i mørket». «Lykt i mørket» er utvikla for barneskulen og fortel historia om fyrbyggjarane langs kysten og livet på fyra.

    Prisen premierer beste ideen for formidling til barn og unge med temaet kystkultur. Produksjonen er utarbeidd av Ane Bjørkavåg Havnegjerde som er formidlar i Viti.

    Pris til Viti
    Foto: Viti
  • Opprettar Museum Nordvest

    Den nye museumsstiftinga på Sunnmøre er klar for skiping og namnet blir Museum Nordvest. Det skriv Vestlandsnytt. Stiftinga består av dei seks utbrytarane frå stiftinga Musea på Sunnmøre. Desse ville ikkje gi frå seg eigarskapen til dei lokale samlingane og valde å bryte med den konsoliderte museumsstiftinga på Sunnmøre Viti. Dei seks som er med frå starten er Aalesund museum, Dalsfjord fyrmuseum, Godøy kystmuseum, Herøy kystmuseum, Ytste Skotet og Volda bygdetun og Garverimuseet.

  • Viti gir kommunene gratis årskort for flyktninger

    Alle kommunene på Sunnmøre får tilbud om 5 gratis årskort til alle musea i Viti, som kan inngå i en kommunal utlånsordning, enten gjennom Frivilligsentral eller flyktningkontor i kommunen. Det opplyser administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

No. dokumentar. Noreg har i dag ein av verdas mest moderne fiskeflåtar som omset for milliardar av kroner kvart år. Men det var ein heilt spesiell båttype som la mykje av grunnlaget - for over hundre år sidan. I Ålesund bysentrum har det siste tida foregått eit heilt unikt byggeprosjekt!