Hopp til innhold

Museinvasjon øydela Kristinas splitter nye bil

I løpet av nokre få veker klarte ein musefamilie på sju å rasere ein splitter ny bil. Kristina Mittet Bjerkeli (25) hadde ikkje trudd det dersom ho ikkje sjølv hadde opplevd det.

Kristina Mittet Bjerkeli

Kristina Mittet Bjerkeli måtte skifte bil fordi den vart øydelagt av mus. Ho er glad for å sleppe å ha den nyfødte babyen i ein bil full av mus.

Foto: Ottar Rydjord

Innkjøpet av den nye, blankpolert bilen blei ikkje så kjekt som Kristina Mittet Bjerkeli (25) i Rauma hadde trudd. Sist juli henta ho og sambuaren den grå golfen i Ålesund, og gledde seg til å ta han i bruk. Men det var før ho hadde oppdaga museinvasjonen.

Eg oppdaga det brått ein dag fordi eg såg noko svart som fauk bakover i bilen, deretter fann eg museskit, seier Bjerkeli nøktern.

Det var Åndalsnes Avis som først fortalde den uvanlege historia.

Musepiss og gnageskadar i bilen

Musegnag i bilen

Dei sju musene gjekk grundig til verks og klarte å ete opp deler av interiøret på nokre veker.

Foto: privat

25-åringen er ikkje redd for mus, men syns likevel invasjonen var trasige greier. Etter kvart oppdaga ho og sambuaren også at det lukta, det kom store, våte flekkar i seta, og musegnag på deler av interiøret.

– Nei, det var ikkje noko kjekt. Eg opplevde at musa kravla i dørken medan eg køyrde, og like etter var ho oppe i taktrekket, seier 25-åringen.

– Då ryggesensoren begynte å svikte forstod vi at ho også hadde gått laus på elektronikken, legg Kim Fiva til.

Fanga sju mus på nokre dagar

Mus i felle i bil

Ei av musene som blei fanga i fella etter å ha øydelagt den nye bilen. Til saman fann dei sju mus på nokre dagar.

Foto: privat

Dermed blei det bestemt at sambuarparet skulle setje ut musefeller, både bak og framme i bilen. Det hadde effekt. I løpet av nokre få dagar tok dei seks mus, den sjuande låg død i eit bol ved hanskerommet.

Grethe Uddal ved Møller Bil i Ålesund seier ho aldri har høyrt maken.

– Eg blei ganske overraska då ho fortalde det, ikkje minst då ho sa kor mange mus dei hadde funne, seier Uddal.

Rår folk til å ha musefelle i garasjen

Andreas Nyheim

Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Nyheim i DnB ber folk om å setje ut musefeller i garasjen.

Foto: DnB

Men forsikringsselskapet DnB er ikkje heilt ukjent med slike historier, og rår folk til å setje ut musefeller i garasjen.

– Det skjer jo ikkje ofte, men er ikkje heilt uvanleg når hausten kjem og mus kan trekkje inn i garasjen til folk. Dersom dei først kjem seg inn i bilen, kan dei gjere stor skade, i verste fall slik at bilen må kondemnerast, seier kommunikasjonsrådgjevar Andreas Nyheim i DnB.

Bilen vart kondemnert

Ein takstmann vurderte skadene på Kristinas bil til å vere alvorlege og omfattande. Saman med Møller bil vart dei samde om at den splitter nye bilen, som hadde gått knappe 2000 kilometer, måtte kondemnerast.

No har Kristina Mittet Bjerkeli tatt i bruk den nye bilen sin, og reknar med at ho slepp selskap av fleire mus på bilturane sine framover.

– Eg hadde aldri trudd det kunne skje, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL