NRK Meny
Normal

Murring mot automatar

Fleire kommunar og frivillige organisasjonar murrar over at stortingsgruppene til SV og Senterpartiet har slutta seg til kulturminister Trond Giskes  politikk om speleautomatar.

Spilleautomat

'Snill' speleautomat

Foto: Kjetil Malkenes Hovland / NRK

MS foreininga i Sunndal har sjølv ein speleautomat, men leiar Oskar Moen ser fram til at den blir fjerna. Han meiner pålegget frå regjeringa truar lokaldemokratiet.

Misnøgd ordførar

Det same meiner ordføraren i Sunndal, Knut Reinset (Sp). Han er ikkje tilfreds med at partiet hans er med på å påtvinge kommunar speleautomatar dei ikkje vil ha, og forstår ikkje korleis dei statsgodkjende automatane skal minske talet på speleavhengige samstundes som dei held oppe inntektene til dei frivillige organisasjonane.

1,3 millionar

Senterpartiordførar Oddbjørn Vatne i Haram seier at det ikkje er realistisk å finne alternative inntektskjelder no, for her gjeld det 1,3 milliardar kroner. Han vil også avskaffe automatane i løpet av nokre år, men seier at dersom kvar enkelt kommune skulle kunne reservere seg, ville det ikkje bli lagt press på styresmaktene om å skaffe tilbake inntektene til organisasjonane.

Flere nyheter fra Møre og Romsdal