NRK Meny

Mur i Molde anka til Høgsterett

Per Kåre Johnsen i Molde ankar til Høgsterett, etter at lagmannsretten ikkje vil behandle striden om den 20 år gamle muren hans. Johnsen sette i 1997 opp mur, platting og steintrapp i strandkanten ved huset sitt uten å søke, og kommunen meiner han må rive og betale dagbøter på fleire hundre tusen kroner. Johnsen tapte i tingretten, men meiner saka er forelda, og ber no Høgsterett overprøve avgjerda.

Per Kåre Johnsen
Foto: privat