NRK Meny

Muleg streik i Rauma Energi

Rauma Energi har mottatt varsel om at alle tilsette organiserte i Delta, Fagforbundet EL&IT og NITO kan bli tatt ut i streik frå fredag morgon. 28 av 34 tilsette i Rauma Energi er organiserte. Saman med dei tillitsvalde blir det arbeidd med ein plan for å sikre drifta ved ein eventuell streik.

Strømmast ved Mannen
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix