Hopp til innhold

MS-sjuke Margrete (39) overvelda over støtta til behandling i Russland

Trebarnsmora Margrete Otterlei Lunde (39) frå Ørsta er rørt og audmjuk over pengegåver frå kjende og ukjende. For to veker sidan starta borna hennar innsamling for å prøve å hjelpe mora.

 Margrete Otterlei Lunde

Margrete Otterlei Lunde (39) er takknemleg og rørt over å ha fått over 100 000 kroner frå kjende og ukjende.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

På mindre enn tre veker har dei tre borna til Margrete Otterlei Lunde (39) fått inn over 100 000 kroner frå kjende og ukjende.

Det er heilt fantastisk, eg hadde ikkje forventa ei slik gjevarglede, det er berre heilt utruleg, seier ho.

Ber om hjelp på facebook

 Margrete Otterlei Lunde og barna

Borna, Marlene (15) og Martin (18) har starta innsamlingsaksjon for å hjelpe mora Margrete Otterlei Lunde til eit betre liv.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Bidraga har tikka inn jamnt og trutt etter at borna oppretta ei facebook-side der dei ber om hjelp til stamcelletransplantasjon i Russland for den MS-sjuke mora si. Målet er å skaffe 400 000 kroner. Behandlinga er omstridd, men har hatt god effekt på andre.

For meg sit det langt inne å samle inn pengar, eg vil jo helst klare meg sjølv, slik som andre. Men dette er einaste måten å få det til på, seier ho.

Les også:

– Håper å kunne begynne å leve igjen

39-åringen er hardt råka av MS og har som høgste draum å kome tilbake i arbeid som konditor. I 2005 blei det klart at ho hadde fått ein aggressiv form for MS, og for omlag tre år sidan blei ho erklært 100 prosent ufør.

Det beste som kan skje er at vi får inn dei pengane som trengst slik at eg kan reise og får gjort dette og begynt å leve igjen, seier ho.

Får hjelp frå innsamlingsproffar

Jan Olav Ryfetten

Dagleg leiar Jan Olav Ryfetten i stiftinga Bidra.no seier dei ønskjer å hjelpe 39-åringen i Ørsta til eit nytt liv.

No får ho hjelp frå profesjonelle. Stiftinga Bidra.no, som samlar inn pengar for kommersielle og veldedige, har sagt at dei vil bidra for å få inn pengar til 39-åringen i Ørsta og ein anna MS-sjuk. Dagleg leiar Jan Olav Ryfetten seier historia om trebarnsmora har gripe dei.

Ho har igjen 40 år av livet, er ufør og kjem aldri tilbake i arbeidslivet. Det syns vi er ille. Vi ønskjer å hjelpe til for å samle inn dei omlag 300 000 kronene som skal til for at ho skal få tilbake livet, seier han.

Laurdag ettermiddag lanserte Bidra.no innsamlingssaka til Margrete der borna hennar ber om hjelp. Operasjonen er det dei ønskjer seg mest av alt, men staten dekker ingenting.

35 har reist til utlandet

Ifølgje MS-forbundet har omlag 35 nordmenn fått utført stamcelletransplantasjon i utlandet. Informasjonsfagleg leiar Olav Førde dei reknar med at behandlinga skal bli anerkjent og tatt i bruk i større grad i løpet av neste år.

Vi håper det kjem i gang eit tilbod her i landet så snart som råd, seier Førde.