Tore Fjell, tidlegare styreformann og talsmann for den nye interessentgruppa
Først måndag blir det tatt stilling til det einaste bodet som har kome, seier bustyrar Per Øverbø. Avgjerda om konkursramma Moxy Trucks i Fræna er utsett fordi SND ikkje har gitt svar på om dei godtek bodet.
Dessutan må interessentgruppa som har kome med bodet, gå ein ny runde med DnB om finansieringa, seier talsmann for gruppa, tidlegare styreleiar Tore Fjell til NRK Møre og Romsdal.