Hopp til innhold

Mowinckel med ny NM-tittel

Ragnhild Mowinckel frå Molde tok fredag eit nytt NM-gull då ho var best i kvinnenes super G.

Ragnhild Mowinckel

Ragnhild Mowinckel (t.v.) var best i fredagens super-G-renn. Her saman med Kajsa Vickhoff Lie, som tok tredjeplassen.

Foto: Oppdal Alpin/Norges Skiforbund / NTB scanpix

Dermed sikra Mowinckel seg sin andre NM-tittel på to dagar.

Maren Skjøld var 32 hundredelar bak og tok sølvet, medan Kajsa Vickhoff Lie tok bronsen og var 57 hundredelar bak Mowinckel.

To førsteplassar på to dagar

Torsdag gjekk ho også til topps i utfor, og fredag hadde ho igjen best tid då det var duka for super G.

– Det er alltid gøy med NM-gull, mitt aller første også i utfor, sa Mowinckel etter sigeren torsdag.

Det har så langt vore ein sesong med oppturar og nedturar for Mowinckel, men under NM i alpint i Oppdal har det endeleg gått Moldejenta sin veg.