Hopp til innhold

Møtte politikarane med 3500 nei-underskrifter

Aksjonsgruppa mot tvangssamanslåing av Haram kommune troppa i dag opp på Stortinget med 3.500 underskrifter. Responsen var god, ifølgje gruppa.

Krogsæter og Vedum

Aksjonsgruppa i Haram som er mot tvangssamanslåing med Ålesund, leverte om lag 3.500 underskrifter til kommunalkomiteen i Oslo. Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) var òg med, her i samtalar med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum om same tema onsdag. Sp-politikar Geir Inge Lien bak til venstre.

Foto: Arnt Ove Tennfjord

– Det som står igjen er at både Arbeidarpartiet og Senterpartiet seier klart at dei vil reversere tvangsvedtak om dei sit med makta etter stortingsvalet, seier Arnt Ove Tennfjord i aksjonsgruppa til NRK.

Saman med fire andre frå gruppa var han onsdag i møte med kommunalkomiteen. I tillegg møtte dei mellom andre stortingsrepresentant Else May Botten (Ap), Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Vi har treft veldig mykje artige folk, og veldig mange som er einige med oss, fortel Tennfjord.

Kommunalkomiteen

Delar av kommunalkomiteen møtte aksjonsgruppa frå Haram. F.v.: Stein Erik Lauvås (Ap), Helge André Njåstad (Frp), Ingjerd Schou (H) og Karin Andersen (SV).

Foto: Arnt Ove Tennfjord

Ingen lovnader

Gruppa fekk ein dryg halvtime med sentrale delar av kommunalkomiteen. Leiar i komiteen, Helge André Njåstad (Frp), møtte gruppa saman med Stein Erik Lauvås (Ap), Ingjerd Schou (H) og Karin Andersen (SV).

– Anne Marie Skarbø i gruppa heldt ein god appell der ho fortalde om parolane våre og kvifor vi er mot tvang. Njåstad og dei andre lytta til det, men kunne sjølvsagt ikkje love at regjeringa ville gjere noko med det, seier Tennfjord.

At 3.500 underskrifter frå alle delar av innbyggjarane i Haram blei lagt på bordet, vekte likevel oppsikt, ifølgje aksjonsgruppa.

– Upolitisk aksjon

Respekt for lokaldemokratiet er éin av bodskapane til gruppa.

– Det er ikkje vår oppgåve å råde folk om kva dei skal stemme ved valet. Vi er ein upolitisk aksjon som består av folk frå mange parti, seier Tennfjord på spørsmål om han rår Haram-innbyggjarane til å stemme Arbeidarpartiet eller Senterpartiet.

Han legg likevel til:

– Det er heilt klart at dei partia (journ.anm. Ap og Sp) signaliserer at dei reverserer, så får folk gjere opp si eiga meining.

Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) er òg i Oslo og var med aksjonsgruppa i møte med Slagsvold Vedum og Sp-politikar Geir Inge Lien frå Møre og Romsdal. Krogsæter møter kommunalminister Jan Tore Sanner i debatt seinare onsdag.

Haram i møte med kommunalkomiteen

Underskriftskampanjen i Haram Kommune: NEI til tvangssamanslåing av Haram kommune med "Nye Ålesund"! Respekter lokaldemokratiet! møtte i dag kommunalkomiteen.

Foto: Arnt Ove Tennfjord