Møtte ikkje til ankesaka

Sunnmørsmannen som er dømd for åtte års fengsel for overgrep mot døtrene sine, møtte ikkje fram, då ankesaka mot han starta i Frostating lagmannsrett i går.
Dermed blei anken hans når det gjeld skuldspørsmålet forkasta, og han er kjent skuldig i overgrepa. Spørsmålet om straffeutmåling blei behandla tidlegare i dag, og det er venta dom om kort tid.