Hopp til innhold

Møtte delfin i fjorden

Dei skulle på fisketur og hadde sikkert tenkt seg til å sjå både torsk og sei. I staden dukka det opp ein delfin.

Delfin i fjorden
Foto: Joakim Svoren Årvik

Den 21 år gamle økonomistudenten Joakim Svoren Årvik var i grunn på fisketur saman med tre kameratar då dei fekk hakeslepp. For i fjorden trefte dei på ein krabat dei aldri hadde sett før.

Glade fiskarar

Glade fiskarar. Simen Rasmussen t.v. og Joakim Svoren Årvik t.h.

Foto: privat

- Vi fekk i grunn litt sjokk. Delfinen var omtrent halvannan meter og symde ved sida av båten vår halvannan time, hoppa og styra på, seier Svoren Årvik.

Les om ein annan sjeldan gjest i fjorden:

Trudde det var nise

Først trudde kameratgjengen det var ei langt vanlegare nise dei hadde fått besøk av, men etter å ha studert bileta i ettertid, er 21-åringen sikker på at det var ein delfin dei såg tysdag.

- Vi har vist fram bileta til mange, og vi har konkludert med at det sikkert er ein delfin av typen kvitskjeving eller tumle.

Får støtte av ekspert

Jan Einarsen

Akvarist Jan Einarsen i Ålesund seier delfinen er eit sjeldan syn.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Akvarist Jan Einarsen i Ålesund støttar kameratgjengen på at dei truleg har møtt ein delfin i bukta mellom Dimna og Ulsteinvik, rett utanfor Kleven verft i Ulstein.

- Det er veldig artig når denne krabaten dukkar opp, for det skjer ikkje veldig ofte, seier Einarsen. Han anslår at han høyrer om delfinar inne ved kysten eit par gongar i året.

Lever i Norskehavet

Delfin sett i fjorden

Kameratgjengen frå Ulstein tok fleire bilete av delfinen.

Foto: Joakim Svoren Årvik

Einarsen seier delfinen er på evig jakt, og at det truleg er sild eller makrell som har lokka han inn til land.

- I tidlegare tider jakta dei på delfin til mat, men no for tida er det sjeldnare vi ser han på nært hald, seier akvaristen.