NRK Meny
Normal

Motorsyklist: – Vegane er livsfarlege

Motorsyklistar er redde for at dårlege vegar skal forårsake fleire ulukker. Dei meiner at slett vedlikehald er livsfarleg.

Lars Myklemyr

Lars Myklemyr er ein erfaren motorsyklist, og synest at vegane han køyrer på kunne ha vore betre.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Lars Myklemyr

Myklemyr meiner at dårlege vegar kan få svært alvorlege konsekvensar for motorsyklistar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er mykje sprekkar og hol i vegen. Rett og slett dårleg asfalt, dei seier den erfarne motorsyklisten Lars Myklemyr frå Averøy.

Han meiner òg at det er lite skilting når vegar er under reparasjon. Ein kvadratmeter med laus grus kan få store konsekvensar, meiner Myklemyr.

– Den kvadratmeteren kan vere katastrofal for motorsyklisten, mens den er heilt ufarleg for bilistar. Risikoen er større for oss enn andre sjølv om vi tek sikkerheit på alvor.

Ikkje pengar til betring

Norsk Motorsykkelunion åtvarar mot forfallet og manglande vedlikehald på vegane. Fylkestrafikktryggingsutvalet fekk klar melding frå motorsyklistane i møte denne veka om eit vegnett som blir ein stadig større fare for motorsyklistane. Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Ola Jan Tønnesen, kan forstå at motorsyklistane reagerer.

– For ein motorsyklist så betyr detaljane mykje. Men vi har ikkje pengar til å stoppe forfallet på vegane, seier Tønnesen.

Kan få fatale følgjer

Grus og sand i vegkanten kan få fatale følgjer for motorsyklistar. Sprekkar og sporete vegar er ikkje eit ukjent problem rundt om i fylket. Tønnesen skjønner at mange er frustrerte, og forklarer at vegvesenet har motorsyklistane i tankane når vegane skal betrast.

– Når våren kjem prøver vi å koste og halde ved like vegane så godt vi kan. Når behovet for reparasjonar aukar så blir det ei ulempe for alle trafikantar. Vedlikehald av vegar er ei generell utfordring for vegvesenet, seier Tønnesen.

Eit mekka for motorsyklistar

Men det er ikkje berre elende. Som mange motorsyklistar gler han seg også over å køyre på dei fantastiske vegane fylket kan by på.

– Vi er velsigna med nokre av verdas og landets beste motorsykkelvegar. Atlanterhavsvegen, Trollstigen og Geiranger er fantastiske stadar og reise med sykkel, seier Myklemyr.

Han håper at skiltinga kan bli betre, spesielt for dei som er ukjend i området.