Hopp til innhold

Motorsyklist er alvorleg skadd etter kollisjon

Føraren av ein motorsykkel er sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim etter ein kollisjon med ein bil i Eide på Nordmøre. Tilstanden laurdag kveld er alvorleg.

Politiet etterforskar ulykke mellom bil og motorsykkel i Eide

Politiet og ulykkegruppa til Statens vegvesen var på plass for å gjere undersøkingar.

Foto: Per Tormod Nilsen

Det var klokka 12.19 laurdag at politiet og naudetatane fekk melding om ulykka ved Halåsbakken i Eide.

– Det er ei alvorleg ulykke, seier operasjonsleiar, Sindre Molnes, ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet veit ikkje nøyaktig kva som har skjedd, anna enn at det har vore ein kollisjon mellom ein bil og ein motorsykkel. Det var éin person i bilen og éin på motorsykkelen.

Motorsyklisten vart sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim med ambulansehelikopter.

– Personen var vaken, men skal vere alvorleg skadd, seier Molnes.

Vegen er stengt etter ulykke i Halåsbakken i Eide

Vegen var stengt etter ulykka, medan politiet og ulykkegruppa gjorde undersøkingar.

Foto: lesarbilete

St. Olavs Hospital opplyser til NRK laurdag kveld at tilstanden er alvorleg og ustabil for motorsyklisten.

Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden for å gjere undersøkingar.

Fylkesveg 64 mellom Svanvika og Sylte var stengt medan arbeidet pågjekk. I 16.30-tida vart vegen opna att.

Politiet ber om at vitne tek kontakt med dei. Dei veit at ein bilist kom køyrande etter ulykka og stoppa for å sjekke at det gjekk bra. Bilen køyrde deretter frå staden.

– Vi trur den bilføraren kan ha sett noko, seier Molnes.

Halåsbakken Eide