NRK Meny
Normal

Motorsykkelulykke på Trollstigen

Ein motorsyklist køyrde av vegen like sør for platået på Trollstigen i Rauma. Mannen blir flogen til sjukehuset i Ålesund.

Laster kart, vennligst vent...

Ein motorsyklist har køyrt av vegen ca 500 meter frå platået på Trollstigen, mot Valldal. Politiet fekk meldinga klokka 13.05. Det var ingen andre køyrety involvert i ulukka.

Mannen vart sendt til Ålesund sjukehus i ambulansehelikopter.

Vegen vart stengt i kort tid slik at ambulansehelikopteret fekk lande, opplyser politiet.

– Mannen skal ha vore bevisst, men vi veit ikkje noko om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.