Motorsyklist døde etter kollisjon med buss

Ein buss og ein motorsykkel kolliderte i Tingvoll tysdag. Motorsyklisten er død, stadfester politiet. Dei pårørande er informert.

Trafikkulykke på Kanestraum i Tingvoll

Ein familiefar frå Florø omkom i trafikkulykke på Nordmøre tysdag formiddag.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

Det var ein mann i 50-åra frå Florø, som mista livet i ei motorsykkel-ulukke på E39 i Tingvoll tysdag. Det melder Firdaposten.

– MC-føraren har kome i motsett køyrefelt og møtt fronten på ein buss, seier politioverbetjent Olav Gjøvik i Tingvoll til Firdaposten

Politiet fekk melding om eit samanstøyt mellom buss og motorsykkel på Kanestraum i Tingvoll klokka 11.48. Ulykka skjedde rundt 200 meter frå ferjekaia, og alle naudetatar rykka ut.

Same ettermiddag opplyste politiet at motorsyklisten er omkomen, og at de næraste pårørande var informert.

Ingen i bussen vart skadde.

Naboar til Kanestraum ferjeleie har i mange år frykta ei alvorleg ulukke, skriv Tidens krav 17. juni.

LES OGSÅ: – Eg har mange gonger stått og venta på at det skal smelle, seier Bjørn Magne Vatn.

Innsatsleiar Kristian Bronnes

Innsatsleiar Kristian Bronnes seier at ingen i bussen vart skadde.

Foto: Marius Andre Stenberg / NRK

– Vi har snakka med ein god del vitne til ulykka, seier innsatsleiar Kristian Bronnes.

Han seier politiet har gjort både teknisk og taktisk etterforsking på staden.

I tillegg til kriminalteknikarar frå politiet var ulykkesgruppa til Statens vegvesen på staden.

Det har vore utfordringar på den trafikkerte strekninga etter ulykka, men eitt køyrefelt har vore ope.

Ferjereisande må rekne med forseinkingar i sambandet Halsa-Kanestraum på grunn av ulykka.

Ulykka har skjedd på Kanestraum i Tingvoll.