Hopp til innhold

Satsar på pallplass i EM-debuten

Før jul blei Henrik Krogstad kåra årets bilsportstalent. I helga er han klar for sitt første Europameisterskap.

Henrik Krogstad

Henrik Krogstad håper å kunne ta enno ein siger under EM på Hell i Trøndelag i helga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Henrik Krogstad er berre 18 år, men har så langt hatt stor suksess innanfor motorsport. Motorsporttalentet frå Langevåg har tidlegare vunne blant anna noregsmeister i gokart og i 2014 blei han skandinavisk meister i formel 7 i asfaltracing. Krogstad var berre seks år fekk han interessa for gokart og året etter starta han med konkurransar.

Den siste tida har 18-åringen satsa meir på rallycross. I helga skal delta i sitt første Europameisterskap på Hell i Trøndelag.

– Eg er veldig klar. Eg skal først på skulen og så reiser eg til Trondheim i kveld ein gong, seier Krogstad.

Satsar i ny bil

Krogstad, som for tida kombinerer motorsport med siste året på Borgund vidaregåande skule, droppa også russetida for å satse på lidenskapen sin.

Henrik Krogstad ble vinner av ”Bilsporttalentet 2015”

I desember fekk Henrik prisen «Bilsporttalentet 2015».

Foto: Norges Bilsportforbund

– Eg følger draumen min. Det er det som gjer det så kjekt, seier han.

Men det krev både tid og pengar å gjere nettopp det. I tillegg til mange reisedøgn i samband med konkurransar og trening, går det også mykje pengar til utstyr og køyretøy.

Som med alt anna, er det både oppturar og nedturar innanfor motorsporten. Nyleg hadde han maks uflaks då bilen hans blei øydelagt like før NM.

– Vi hadde folk i garasjen til to-tre på natta i vekevis som jobba med bilen, men eit par veker før NM så skar motoren seg og no ventar vi på nye delar. Det er lite å gjere med det, så no må eg berre stå på og prøve å køyre EM, seier Krogstad.

Der stiller han med det som blir kalla ein RX Lites-bil.

– Det er ein bil som er fabrikkbygd for rallycross. Det er ikkje ein vanleg bil med karosseri, den har berre ei røyrramme med glasfiber rundt, fortel 18-åringen.

Vil på pallen

Han innrømmer at han gjerne skulle hatt meir tid til å trene i den nye bilen før meisterskapen i helga.

– Eg var i Sverige på tysdag og prøvde den for første gong. I tillegg er det firehjulstrekk og motoren er baki, det har eg heller ikkje prøvd før. Men eg tek dei rundane eg får, og så får eg prøve å lære det fort, seier Krogstad.

Motorsporttalentet meiner likevel at han kan prestere bra under EM i helga og målsetjinga er klar.

– Målet er pallplass, men eg har lyst å kjempe om seier. Eg veit at eg er god nok og at eg kan klare det, men i rallycross kan alt skje, seier han.

På søndag bli meisterskapen sendt direkte på NRK. Her kan du sjå Henrik i aksjon.