Hopp til innhold

Motorpsycho klar for Midtsommerjazz

Norsk musikkhistorie kjem på besøk til Ålesund 14. juni. Banebrytande Motorpsycho er nemleg klare for Midtsommerjazz.

Motorpsycho

Banebrytande Motorpsycho er klare for Midtsommerjazz i Ålesund.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Det er eit band vi har prøvd å få til ulike festivalar i ei årrekkje, men så har det aldri klaffa av forskjellige grunnar. Men i år passa det, då dei kunne under Midtsommerjazz. Så då putta vi dei rett og slett inn der.

Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård

Ante Giskeødegård (t.v.) saman med Lars Berg Giskeødegård, henhaldsvis dagleg leiar og marknadssjef i Momentium. Momentium står bak Midtsommerjazz, Jugendfest og Sommerfesten.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Det fortel ein glad Ante Giskeødegård, dagleg leiar og bookingsjef i Momentium – som står bak Jugendfestivalen, Sommarfesten på Giske og Midtsommerjazz.

– Motorpsycho hadde passa på alle festivalane våre, for dei spelar i så mange sjangrar.

– Men dei er vanskelege å beskrive, for dei kryssar sjangrar i hytt og pine og har gjeve ut album i så utruleg mange sjangrar. Men det er eit fantastisk band og bra blir det uansett, seier Giskeødegård.

Fleire sterke kort frå før

Frå før er engelske Jamie Cullum og irske Sinead O'Connor klare for Midtsommerjazz.

To enorme utanlandske namn altså, samstundes som mellom andre Bugge Wesseltoft, Beady Belle og Farmers Market er klare av norske artistar.

Det var derimot ikkje slutt på store namn, for i dag presenterte altså Momentium Motorpsycho som klare for Midtsommerjazz 2013.

Bent Sæther i Motorpsycho på scenen under Øyafestivalen som startet torsdag ettermiddag i Oslo.

Bassist og vokalist Bent Sæther er éin av to som har vore med i Motorpsycho sidan 1989.

Foto: Lise Åserud/SCANPIX

Norsk musikkhistorie

Motorpsycho er eit rockeband, starta opp i Trondheim i 1989.

Sidan den gongen har bandet bytta trommeslagar to gonger, men Bent Sæther (bass og vokal) og Hans Magnus «Snah» Ryan (gitar og vokal) har vore med sidan starten. Kenneth Kapstad tok over som fast trommis hausten 2007.

Bandet har gjeve ut i alt 15 album, i ei rekkje ulike sjangrar. Psykedelisk rock, jazz og progressiv rock er sjangrar som er delvis beskrivande.

Albuma deira er nærmast unisont hylla av norsk og utanlandsk musikkpresse. Blant dei mest kjende albuma er «Timothy's Monster», «Blissard» og «Demon Box».

Nytt studioalbum i april

Motorpsycho sin siste utgiving, «The Death Defying Unicorn», blei framført på gjentekne utselde konsertar i Operaen i Oslo i fjor.

I april i år kjem det derimot eit nytt album frå bandet. Albumet har fått namnet «Still Life With Egg Plant», og er gjort i samarbeid med Reine Fiske.

Fiske er ein svensk gitarist, mest kjent frå bandet Dungen.

I juni, om lag to månader etter at albumet kjem ut, spelar altså Motorpsycho i Ålesund under Midtsommerjazz.

– Motorpsycho i konsert kan vere så mykje forskjellig, men eg har aldri vore på ein dårleg konsert med dei. Så det er berre å glede seg, avsluttar arrangør Ante Giskeødegård.