Hopp til innhold

Møter statsråden om Haram-exit

Kommunestyret i Ålesund vedtok torsdag samrøystes ein uttale om at skilsmissa mellom Ålesund og Haram er ei vanskeleg sak, når ein ikkje veit kor mykje pengar ein får. Ordføraren og varaordføraren drar torsdag om ei veke til Oslo for å møte kommunalministeren. Femten av representantane røysta mot innstillinga frå formannskapet om å stoppe prosessen med å skilje Haram frå Ålesund.

Ålesund kommunestyre
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL