Hopp til innhold

Sunnmøringar vil krevje 100,- frå turistar som vil sjå Ålesund

Cruiseturistar som vil besøkje det populære turistpunktet Fjellstua i Ålesund må frå neste sommar betale for utsikta. Ordføraren trudde først det var ein aprilspøk.

Utsikt fra Fjellstua i Ålesund

Store mengder turistar reiser langt for å sikre seg denne utsikta frå Fjellstua i Ålesund. Herifrå ser ein heile jugendbyen og til fleire av kommunane rundt.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Turistar frå heile verda har for lengst oppdaga den formidable utsikta frå terrassen til restauranten Fjellstua i Ålesund. Utkikkspunktet ligg på pynten av byfjellet Aksla, og har siste åra bokstavleg tala fløymt over av turistar.

Busstopp på Fjellstua

Turistane blir køyrt opp med bussar og småtog til utkikspunktet Fjellstua i Ålesund. I tillegg kjem store hordar opp trappene frå byen for eigen maskin. Då kan det bli trangt på toppen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det lokale firmaet Brødrene Jangaard AS, som eig terrassen med den eksepsjonelle utsikta, vil no innføre betaling og samstundes byggje fleire toalett, utvide kafeen og terassen.

For dette vil dei ha ein hundrelapp frå kvar av turistane. Ifølgje Sunnmørsposten (betalingsmur) som omtalte saka først, skjer dette frå mai neste år.

trappene

418 trappetrinn går langs fjellsida frå utkikkspunktet Fjellstua til byparken i Ålesund. Trappa er ein turistmagnet i seg sjølv.

nettsidene til Fjellstua kan ein lese meir om dei nye inngangsprisane, og saka får det til å koke i sosiale medier.

– Toppen av grådigheit, skriv ei på NRK Møre og Romsdal sine Facebook-sider.

– Heilt greit å ta betalt, skriv ei anna og får støtte frå ein som ber den som vil vaske og levere ut dopapir gratis, om å melde seg.

Fjellstua ligg i enden av det store kommunale friområdet på byfjellet Aksla, og resten av området, med trapper, stiar og gapahukar vil framleis vere gratis og fritt tilgjengeleg.

Forskrekka ordførar tenkte seg om

Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) blir først stum når NRK ringer for ein kommentar, og lurer på om det er ein aprilspøk. Ho viser til at alle ålesundarar har eigedomskjensle overfor Fjellstua med den vakre utsikta.

– Fjellstua er eit nasjonalt ikon. Å ta betaling for å nyte utsikta skurrar i utgangspunktet for meg. Men når eg har tenkt meg om, viser jo saka problematikken rundt den stadig aukande cruisetrafikken til Ålesund, seier ho.

Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund meiner det er på tide at overturisme kjem på det politiske kartet også i Ålesund, og forstår at Fjellstua- eigaren vil innføre betaling.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ordføraren seier ho forstår det store presset eigaren av utkikkspunktet opplever, og er glad for at betalinga skal brukast til oppgradering og ombygging av Fjellstua.

Tidlegare i sommar klaga turistane på at det var for mange av dei i Ålesund.

– Diskusjonen om eit tak for kor mange turistar ein kan ta imot, har fleire andre kystbyar teke. Det er på tide at også vi i Ålesund tek ein politisk debatt om kor mange vi kan ta imot, og kva vi vil vise fram, slår ho fast.

– Ikkje uvanleg å ta betalt

Den store turistveksten til attraktive reisemål i Noreg, uroar norsk reiseliv, med styring av turiststraumen som ei av dei største utfordringane.

Tom Anker Skrede

Tom Anker Skrede er reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Foto: DESTINASJON ÅLESUND & SUNNMØRE

Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre synest det er kjempefint at Fjellstua og området rundt kan bli rusta opp og utvikla.

– Fjellstua, Aksla og utsikta her er eit viktig ikon i norsk reiseliv som vi må ta vare på, seier Skrede, og det kostar pengar å bevare og vidareutvikle. Det er ikkje uvanleg å ta betalt for å sjå ulike turistattraksjonar, verken i Noreg, Europa eller verda elles.

Reiselivssjefen har ikkje nokon tankar om kor mykje eit besøk på Fjellstua bør koste, men reknar med at dette er noko eigarane har tenkt igjennom.

Utsikt fra Fjellstua 4.juli 2018

Også ålesundarane må frå neste sommar betale for utsikta. Men desse inntektene skal gå til rydding av turstiar, nye benkar og gapahukar i det store kommunale friluftsområdet på byfjellet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Dagleg leiar Helge Jan Farstad er laurdag ettermiddag oppteken med eit bryllaup på Fjellstua, og har ikkje tid til å kommentere saka for NRK.

Les også: