Hopp til innhold

Møter desperat motstandar

Når Aalesund møter Mjøndalen er det laget frå Buskerud som er mest desperat etter å vinne. Laget kjempar i botnstriden og kan vere klare for 1. divisjon neste sesong med tap i denne kampen. Følg kampen her.

AaFK-Mjøndalen

På heimebane mot Mjøndalen snudde AaFK 0–2 til 4–2.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Trond Fredriksen

Trond Fredriksen vil avslutte sesongen med stil – og er klar for tre nye år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Skal det skje må Start og Tromsø vinne sine kampar. Aalesund kan dermed vere med å avgjere nedrykksstriden. Men AaFK er nok mest opptatt av seg sjølv og eigen prestasjon.

Trenar Trond Fredriksen, som har fått tillit dei tre neste åra, er ikkje fornøgd med 10.plassar. Men denne sesongen er ein 9.plass det beste laget kan få.

Laster innhold, vennligst vent..

23 år i dag

Aalesund-Vålerenga

Leke James skårar jamt og trutt, særleg på bortebane.

Foto: EkornesvÂg, Svein Ove / NTB scanpix

Toppskårar i Aalesund er Leke James, som markerer sin 23-års dag med kamp mot Mjøndalen. Han har skåra 12 mål i årets sesong, og fire av dei seks siste har kome på bortebane. Ein bra statistikk for James, men for laget er det ikkje like bra at AaFK har tapt fem av dei sju siste eliteseriekampane der han har skåra.

Aalesunds keeper Sten Michael Grytebust

Landslagsaktuelle Sten Grytebust er ikkje fornøgd med baklengsmåla.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Verre er det at AaFK har slept inn mål i sine 22 siste bortekampar. Laget slit også med å komme i gang, for ingen lag har skåra færre mål i løpet av den første tredelen av kampane. Berre seks mål i løpet av den første halvtimen har AaFK makta så langt. Ei lita trøyst er det at Mjøndalen har ein statistikk som er nesten like dårleg. Heimelaget har dessutan ikkje vunne sidan midten av august, og har slept inn mål i alle dei 13 siste heimekampane sine.

Skåringane kjem seint

Eliteseriekampen mellom Aalesund og Sandefjord på Color Line Stadion

Mot til dømes Sandefjord blei ikkje kampen avgjort for heilt mot slutten.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

Men det kan ta tid før kampen blir avgjort. I det omvendte møtet snudde AaFK 0–2 til siger 4–2. Og laget har tradisjon i årets seriespel for å skåre mot slutten av kampane. Berre Bodø/Glimt har like mange skåra mål det siste kvarteret av kampane.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL