Det har gått rundt 25 år sidan Kjetil Rekdal kom til Molde Fotballklubb. Han kom raskt med på A-laget der Åge Hareide var både spelar og trenar.
Rekdal seier til NRK at Åge var barndomshelten og favorittspelaren hans, men det måtte han raskt legge bort då han både vart kollega med Åge på A-laget og fekk han som trenar.
I løpet av åra som har gått sidan dette har Kjetil Rekdal avslutta ei nsuksessrik karriere som spelar og har i tillegg gode resultat å vise til som trenar. Han har vunne cupen og serien med Vålerenga og vann cupen med AaFK i fjor.
Hareide og Rekdal
Åge Hareide avslutta fotballkarrieren som spelar i det Rekdal tok vidare steg ut i Europa for første gong, men også som trenar har Hareide hatt stor suksess, både i Molde, Helsingborg, Brøndby og Rosenborg.
Også på A-landslaget meiner Rekdal at Hareide hadde gode resultat, særleg det første året. No er Hareide trenar i Viking, medan Rekdal er trenar for serieleiaren etter dei første fire rundene.
Vinnarvilje
Rekdal seier vinnarviljen til Hareide er noko av det han sjølv vil trekke fram som det beste ved sunnmøringen som trenar og spelar. Akkurat dei same eigenskapane vil mange hevde at Rekdal har rikeleg av.