NRK Meny

Møte om storbrannen i Aure

Klokka 08.30 skal kriseleiinga i Aure ha møte etter storbrannen i går. Omlag 85 personer på Skardsøya måtte evakuerast på grunn av ein omfattande gras- og lyngbrann. Dei fekk flytte heim att i 22-tida i går kveld. Mykje tyder på at bålbrenning var årsaka til brannen.