NRK Meny
Normal

Møtast kvar laurdag til "damping"

– Det er eit heilt anna liv. Det er akkurat som om eg hadde slutta å røyke, seier Mildrid Stenberg. Ho gjekk frå å røyke 20 sigarettar om dagen til å bruke e-sigaretten.

Dampeklubben i Sunndal

Kvar laurdag møtast dei for å 'dampe' saman i Sunndal. Frå framme til venstre: Elin Vesla Moen, Mildrid Stenberg, Irene Uniq og Ann-Kristin Sæther.

Foto: Eindride Gravem

Kvar laurdag samlar dei seg på ein kafé i Sunndal, skriv Aura Avis. Dei såkalla "dampetreffa" er eit steg i å utveksle informasjon og erfaringar om fenomenet.

Mildrid Stenberg

– Eit heilt anna liv, seier Mildrid Stenberg om tida med 'damping' samanlikna med tida med røyking.

Foto: Eindride Gravem

– Eg har no dampa i to år. Det skjedde gjennom nokre eg kjente, som hadde fått tak i ein elektronisk sigarett. Så fekk eg prøve, og vart frelst, seier Stenberg.

Ho har tidlegare røyka 20 sigarettar om dagen over ein periode på nesten 30 år. Då ho oppdaga e-sigarettane vart det som eit anna liv for ho.

Betra luktesansen

– Eg har slutta å hoste. Eg var mykje plaga av røykhoste om morgonen då eg var røykar, fortel ho. I tillegg er luktesansen mykje betre no enn den var medan ho røykte tradisjonelle sigarettar.

No kan ho merke når røykarar nærmar seg.

– Eg luktar dei på lang avstand, og gremmast når eg tenkjer at eg har lukta slik sjølv, seier ho.

I tillegg har kondisjonen betra seg, slik at ho no kan gå lenger turar utan å måtte stoppe å ta pausar.

Håper det blir lovleg i Noreg

E-sigaretten er eit ganske nytt fenomen, som framleis er omdiskutert. I Noreg er den framleis forboden, men den fristar likevel mange . Sigaretten hjelper mange til å slutte med tradisjonell røyking, men enkelte fryktar at ikkje-røykarar skal bli avhengige gjennom denne nye typen.

E-sigarettutstyr

Diskusjonar rundt utstyr og smakar er viktig for 'dampetreffa' i Sunndal.

Foto: Eindride Gravem

I Sunndal er det likevel eit ønske om at fenomenet skal verte meir vanleg. Stenberg og dei andre som møtast ein gong i veka kan kjøpe utstyret som trengst, og nikotinfri væske til sigarettane her i landet, men nikotinvæske må kjøpast frå utlandet.

– Forhåpentlegvis tek Noreg inn over seg eit EU-direktiv som gjer at me får kjøpe nikotinvæske like enkelt som tradisjonelle sigarettar, seier Stenberg.

Eksperimenterer med smakar

Dei er framleis på eit utforskande stadium, der smakar og utstyr må diskuterast og prøvast.

– Eg har ein lakrissmak eg synst er veldig god, og så går det mykje i frukt- og bærsmakar, seier Stenberg.

Ho meiner det er mykje betre for helsa å bruke e-sigaretten, som berre inneheld nikotin, enn sigarettar.

– I sigarettrøyk er det 4000 giftstoff som er kreftframkallande. I dette er det berre nikotinen som me er avhengige av, og den er jo ikkje farleg, seier ho.

Blir akseptert innandørs

Med det er det også blitt større aksept for at dei har med seg dei elektroniske sigarettane sine inn på kafeane i Sunndal.

– I starten var det mange som sa me ikkje kunne røyke inne. No har mange blitt kjent med kva me gjer, seier ho.

For det er ikkje røyking det dei driv med, seier ho.

– Eg er ein eksrøykar, som er blitt ein dampar, forklarer ho.