Hopp til innhold

Møtast for å diskutere

Over heile landet har folk møtast i dag for å diskutere med nokon dei var ueinige med. Dette skjedde i anledning «Hele Norge snakker». Ivar Østrem og Synnøve Molvær var to av dei som møtast for å diskutere på Moa Bibliotek i dag. – No var eg så heldig at eg fekk snakke med to forskjellige personar, med litt forskjellige meiningar. Det var litt tilfeldig, men også veldig kjekt. Eg hadde lyst å møte folk eg var ueinige med, for å få sjekka opp fordommane mine mot dei. Som eg tenker at ein del av dei ikkje stemmer, seier Molvær og får støtte av Østrem. – Eg synest det er viktig i samfunnet at vi møtast, og at vi kan snakke saman sjølv om vi er ueinige, seier han.

Hele Norge snakker, Moa bibliotek i Ålesund
Foto: Silje Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL