NRK Meny
Normal

– Den politiske debatten tente meg

Medan Erna Solberg (H) er oppteken med å fordele statsrådpostar, kan Paul Joakim Sandøy (26) frå Molde lene seg fornøgd tilbake. Møt Unge Høgre-leiaren som slett ikkje planla å verte politikar.

Paul Joakim Sandøy jubler etter at Unge Høyre ble kåret til vinner av årets skolevalg

Paul Joakim Sandøy jublar saman med Erna Solberg etter at Unge Høgre blei kåra til vinnar av årets skuleval.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det var då han var vitne til den amerikanske presidentvalkampen under eit utvekslingsår i USA at han verkeleg byrja å engasjere seg i politikk.

Det å diskutere politikk tenner Paul Joakim Sandøy (26) frå Molde. Men han hadde aldri trudd han skulle nå så langt opp i politikken som han har hamna no.

Alltid vore engasjert i politikken

26-åringen frå Molde har alltid vore engasjert i samfunnspolitiske spørsmål, men den politiske debatten i Noreg snakka ikkje heilt til han då han var yngre.

Det var før han byrja å engasjere seg aktivt sjølv.

Det var Høgre sin politikk som appellerte mest, og saman med ein liten gjeng danna han eit lokallag for Unge Høgre i Molde. Der vart han vald til leiar.

– Det skjedde ganske fort. Seinare vart eg aktiv på fylkesplan og også i Hordaland då eg flytta til Bergen for å studere.

– Spanande posisjon

Leder Paul Joakim Sandøy i Unge Høyre

Leiar i Unge Høgre har alltid vore engasjert i politikk.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

At han ein dag skulle verte leiar for Unge Høgre på landsplan var langt frå i tankane hans då han var med på å skipe lokallaget i Molde. Men for eitt år sidan var det nettopp det som skjedde.

– Det betyr at eg er leiar for ungdomspartiet til statsministeren no. Det er ein utruleg spanande posisjon å drive politikk frå. Men det var ikkje planen at eg skulle verte leiar i Unge Høgre då eg begynte, altså.

Under både sonderingane mellom dei fire borgarlege partia og forhandlingane med Framstegspartiet har Paul Joakim Sandøy kunne ha gitt råd til Noreg sin komande statsminister Erna Solberg.

Han synest det er spesielt å sjå at saker han har stått nervøs å snakka om frå ein talarstol på Høgre sitt landsmøte, no står svart på kvitt i regjeringserklæringa.

– Det er veldig mykje Unge Høgre-saker å sjå att i regjeringsplattforma og det er utruleg gøy.

– Spesielt oppteken av skulepolitikk

Unge Høgre-leiaren peikar spesielt på skulepolitikken. Det er noko Unge Høgre sine representantar brenn for og han meiner det der er særleg tydeleg at han og dei andre unge har påverka Høgre sin politikk.

– Alle elevar skal no få retten til å vurdere læraren sin, det vert fritt skuleval over heile landet og vi innfører eit prinsipp om at det alltid er mobbaren som skal bytte skule og aldri den som vert mobba, seier han stolt.

Dette er nemleg saker som kjem frå dei som veit kva dei snakkar om, meiner han.

– Dette er alle saker som rett og slett har vorte påkomne på gute- og jenteromma til dei som sit i Unge Høgre og som no vert sette ut i live. Det er veldig spanande.

Viktigaste departementa er fordelte

Det var lenge knytt stor spaning til kva parti som ville utgjere Noreg si nye regjering. No er det Høgre og Frp som står att, og fordelinga av statsrådpostane byrjar å verte klar.

Les også:

Fleire av dei viktigaste departementa er allereie fordelte i Høgre-Frp-regjeringa. Høgre skal i tillegg til statsministeren og utanriksministeren få ansvaret for kommunalministeren og kulturministeren.

Frp skal i tillegg til finansministeren (Siv Jensen), få ansvaret for det som i dag heiter Olje- og energidepartementet (truleg Ketil Solvik-Olsen), Justisdepartementet og Samferdsledepartementet, slik planen er no.

Vil ikkje spekulere

Om det vert nokon statsråd frå Møre og Romsdal, vil ikkje Paul Joakim Sandøy spekulere i.

– Det veit eg innmari lite om. Regjeringskabalen er det Erna Solberg og Siv Jensen som har kontroll på og ingen andre.

Sjølv kunne han ikkje tenkje seg å sitje i regjering. Ikkje akkurat no i alle fall.

– Eg ville ikkje ha bytt ut jobben som Unge Høgre-leiar mot noko anna akkurat no.