Hopp til innhold

Mot grå cupfinalehelg

Supporterane vil farge Oslo blå, kvit og oransje, men på himmelen ser det ut til at det grå blir dominerande i cupfinalehelga.

Ullevål stadion

KAN BLI REGNTUNG: Ullevål stadion tek i mot Molde og AaFK til cupfinale søndag, men det blir neppe sol for dei 22 på grasmatta.

Foto: Rainer Prang / NRK

Feiringa startar for mange allereie fredag. Då er det varsla tunge skyer og regn i hovudstaden.

Yr.no melder om regn, svak vind og to grader denne dagen.

Veret spelar vel neppe ei rolle for dei som fekk påspandert ei draumehelg i hovudstaden under cupfinalen av MFK-patrioten Kjell Inge Røkke.

Romsdalslaget ser ut til å ha økonomien på stell før dei reiser til tigerstaden, og har ein betre økonomisk situasjon enn mange andre Eliteserielag.

AaFK har også fått støtte frå fleire hald fram mot finalen.

Regntung laurdag

Laurdag har begge klubbane og deira supporterar planlagt store arrangement i Oslo. Då skal dei markere seg, vise sine klubbfargar, og setje preg på byen.

Men veret er ikkje på deira side. Det blir regn og vind, men litt mindre enn fredag.

Likevel inviterer ikkje akkurat temperaturen til gatefest. To grader ser ut til å halde seg gjennom heile helga, og synke til frysepunktet på måndag.

Opplett finaledagen

Søndag brakar dei to laga saman på bana. Med mindre nedbør ser det i alle fall ut til at det kan bli ei grei oppleving for dei som skal på stadion for å sjå kampen.

Mange ofra mykje for å få billettar til cupfinalen. I Ålesund sat folk ute heile natta for å vere langt framme i køen når billettane til supporterklubben Stormen vart lagt ut for sal.

Ein kald novemberdag i Oslo vil nok i alle fall verke mykje varmare for det eine laget sine supporterar.