Vil levere søknad
Torstein Skarset i Bådal FAU, seier dei vil kjempe for å behalde skulen, men at dersom det ikkje går, så vil dei starte friskule. Bådal FAU kjem no til å levere inn søknad om friskule .
– Den dagen det blir klubba gjennom at Bådal skule blir nedlagd så har vi ein søknad inne i departementet om friskule. Det jobbar vi knallhardt for å greie og for å få til og for å stable på beina, seier Skarset.
Folkemøte
I går kveld var det folkemøte i Bådal. Der blei dei frammøtte informerte om planane for den nye skulestrukturen. For Averøy må spare 9 millionar og formannskapet har allereie innstilt på at skulane Bådal, Henda og Bruvoll må leggast ned. Skarset og andre foreldre meiner det vil få omfattande konsekvensar for bygda dersom skulen forsvinn.
Skal foreldre byrje å tranportere ungar til andre stader på øya, fryktar Skarset at folk til dømes vil handle på lavprisbutikkane der og svikte det lokale samvirkelaget slik at det kan bli borte.
Gode erfaringar i Vestnes
Friskular er aktuelt i fleire kommunar i Møre og Romsdal. I Vestnes har foreldre drive friskulen på Vikebukt sidan hausten 2003. I går var styrleiar Einar Skjegstad på folkemøtet i Bådal for å fortelje om deira erfaringar. Han rår foreldra i Bådal å gjere det same som foreldra i Vestnes.
– Ja, så absolutt. Det vil eg råde dei til, seier Skjegstad.
Han seier at deira erfaringar etter halvanna års drift er svært gode.
– Sjølv om det ligg mykje arbeid bak, er det mogleg å få til ein skule med minst like god kvalitet som den offentlege grunnskulen, seier Skjegstad.
Endeleg vedtak om skulestrukturen blir gjort av kommunestyret i januar.