NRK Meny

Mot ferjemonopol

Det skjer ein eksplosjon i kostnadane i ferjedrifta som kan gå hardt utover ferjetilbodet på kysten. Det kom fram på samferdselskonferansen i Kristiansund i går. Fleire uttrykker stor bekymring for monopoliseringa som skjer. – Anbodskonkurransane har ikkje gitt lågare prisar, seier fylkesrådmann i Møre og Romsdal Ottar Brage Guttelvik, som åtvarar mot at det snart er berre er to-tre reiarlag innan ferjedrifta.