Trudde det var sau
Ved Stuguflåten på turen frå Åndalsnes til Dombås sprang ein velvaksen moskus føre toget.
Fyrbøtar Jan Salvesen på damplokomotivet fortel at moskusen dukka opp då toget nesten var kome opp til Bjorli. Han trudde først at det var sauer som var i sporet, men då dei var i ferd med å stoppe, såg han at det var ein moskus som stod der.
God kondis
Moskusen sprang i sporet eit par hundre meter framfor lokomotivet i skikkeleg firsprang. Moskusen hadde god kondisjon, for han heldt ei fart på 15-20 kilometer i timen i nesten fire kilometer før han forlet jarnbanesporet.
Salvesen seier dei heldt god avstand fordi dei var redde for at moskusen skulle springe seg ihel.
–Aldri før
Jan Salvesen har køyrt lokomotiv på Raumabana sidan 80-talet, men har aldri sett eller høyrt om andre som har sett moskus der før.