Hopp til innhold

Moser gonger to, Andsnes og Opsvik blir æresdoktorar

Den 5. mai vil forskarane May-Britt og Edvard Moser, pianist Leif Ove Andsnes og møbel- og industridesignar Peter Opsvik bli utnemnde til æresdoktorar ved Universitet i Bergen.

Æresdoktorar

May-Britt Moser, Edvard Moser, Leif Ove Andsnes og Peter Opsvik er alle utnemnt til æresdoktorar av Universitet i Bergen.

Foto: Ned Alley/Lars-Bjørn Martinsen/Stian Lysberg Solum / NTB scanpix/NRK

– Eg har aldri blitt utnemnd til æresdoktor før, så dette er veldig spesielt og flott, seier ei glad May-Britt Moser til NRK på telefon frå Genève.

May-Britt Moser

På telefon frå ein konferanse i Genève seier May-Britt Moser at det er ei stor ære å bli utnemnd til æresdoktor.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Æresdoktor har òg forskingspartnar og tidlegare ektefelle Edvard Moser blitt utnemnt til. Medan May-Britt er utnemnt av det psykologiske fakultetet ved UiB, er Edvard utnemnt av det medisinsk-odontologiske fakultetet.

– Eg set veldig stor pris på at kollegaene våre i Bergen vil gjere stas på oss og den forskinga vi har gjort. Vi har hatt ei spesiell tilknyting til Bergen, nokre av dei som lærte oss opp heilt i starten jobbar ved UiB, fortel Edvard Moser.

– Bolek Srebro er jo i ei særklasse. Vi fekk kome til Bergen for å lære og han kom også til Oslo. Han lærte oss kronisk registrering, han er som eit familiemedlem for oss, seier May-Britt, som òg nemner ei heil rekkje andre ved UiB.

Både May-Britt og Edvard er frå Sunnmøre. Begge er psykolog, hjerneforskar og professor i nevrovitskap ved NTNU i Trondheim. I 2014 tok imot May-Britt og Edvard Nobelprisen i fysiologi eller medisin for å ha oppdaga den «indre GPS-en» i hjernen.

Andsnes set stor pris på utmerkinga

Frå før er det klart at forskar, forfattar og kulturhistorikar Jostein Fet (93) blir utnemnd til æresdoktor den 5. mai. I tillegg vil den kinesiske jusprofessoren Han Dayuan, den amerikanske professoren i sosiologi Arthur L. Stinchcombe og den britiske biologen Kathy Willis bli utnemnde til æresdoktorar.

Den kanskje mest kjende som blir utnemnt er likevel Leif Ove Andsnes, den verdskjende klassiske pianisten frå Karmøy.

– Han synest det er svært hyggeleg. Det er ei stor anerkjenning for han, og han set stor pris på det, seier Kjell Wernøe, direktør i Pro Arte som er i det norske managementet til pianisten.

Sjølv er Andsnes travelt opptatt i USA og ifølgje Wernøe har han ikkje moglegheit til å vere der 5. mai.

– Han kan ikkje ta imot heideren då, men det vil skje på eit seinare tidspunkt.

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes blir utnemnt til æresdoktor ved UiB den 5. mai.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Tripp Trapp-heider

Den siste som blir heidra 5. mai er Peter Opsvik frå Stranda. 78-åringen frå Stranda fekk gjennombrotet sitt som møbel- og industridesignar med den verdskjende Tripp Trapp-stolen i 1972.

Barnestolen Tripp Trapp

Tripp Trapp-stolen er selt i mange millionar kopiar sidan lanseringa i 1972.

Foto: Egon Gade

– Den nyskapande designaren vert rekna som éin av dei store møbeldesignarane nasjonalt og internasjonalt, seier fakultetet for kunst, musikk og design ved UiB.

Æresdoktorata ved UiB har blitt delt ut sidan 1952, kan professor og prodekan for forsking ved UiB Eyvind Rødahl fortelje. Hans fakultet utnemnde Edvard Moser.

– Eit slikt æresdoktorat har fleire aspekt ved seg. Det eine er at det er ein honnør frå fagmiljøet, det andre er at det er ein måte å styrke samband mot fagmiljøet som vedkommande kjem frå, seier Rødahl til NRK.

Tidlegare gjekk det fem år mellom kvar gong universitetet utnemnde æresdoktorar, før det i seinare år har skjedd litt hyppigare. Sist gong det skjedde ved UiB var i 2015.