Røv meiner dette fører til at folk blir utrygge, og at faren for lovbrot aukar. Drosjesjåførane og buss-sjåførane opplvere og at trafikkbilete blir verre å forholde seg til, sier Røv.
Politiet meiner dei allereie etter kort tid har merka at avslåtte gatelys har ført til problem.
- Vi skal ikkje påstå at dei problema som vi har opplevd, direkte kan knyttast til at ein del lys er slått av. Men vi har opplevd ein auke i talet på skadeverk og forsøk på innbrot i bil, og ikkje minst har det vore fleire valdsepisodar i Molde sentrum, seier Per Karstein Røv.
Jan Ulvund i Molde kommune seier dei skal vurdere saka på nytt. Foto: Gunnar Sandvik
Vil drøfte saka på nytt
Jan Ulvund i avdeling for kommunal-teknikk i Molde seier dei no vil sjå på denne saka på nytt.
Kommunen sparer ca. 200.000 kroner på slokte gatelys og har signalisert det til politikarane, men har ikkje fått midlar til å dekke opp dette i budsjettet.
På bakgrunn av reaksjonen som no kjem bl.a. frå politiet, så blir det ei ny drøfting av saka i kommunen, seier Jan Ulvund.
Geir Hammerø fortvilt og forbanna over hærverk på Rivalbanen. Foto: Gunnar Sandvik
Rivalbanen rasert i mørket
I tillegg til valdsepisodar, innbrot og tagging på skular har det i nattemørkret i påska skjedd hærverk på Rivalbanen på Årø i Molde.
To biler har køyrd rundt grassat på grasmatta og øydelagt mykje.
- Vi legg ned mykje frivilleg arbeid i dette og blir naturleg nok forbanna over slikt pøbelverk, seier Geir Hammerø.
Vi har harstort sett opne idrettsanlegg, men må vurdere å stengje anlegga når slikt skjer, seier Geir Hammerø.