Medan takplatene er vekk blir det mindre lys, men meir vatn i tunnelen, seier distriktssjef i Vegesenet Jan Arild Johansen.
Kan bli is
Når Statens vegvesen no fjernar 400 meter med plater, vil store mengder vatn drype og renne ned på vegen. Vinterstid kan ein risikere at det frys til is både i taket og i vegbanen.
Freifjordtunnelen (Foto: Gunnar Sandvik)
Lang tid
Det er førebels sett av 150 millionar kroner til å ruste opp tunnelen. Men arbeidet er tidkrevjande, og det betyr at tunnelen vil vere i dårleg stand i lang tid framover. Dei første pengane kjem allereie neste år.
Uventa
Freifjordtunnelen blei offisielt opna i 1992. Ingen hadde spådd at tunnelen skulle ha behov for investeringar til oppussing i hundremillionarsklassen så få år etter, seier Johansen. Løysingane som blei valde den gongen var sett på som gode då, men har altså vist seg å ikkje halde mål.