Hopp til innhold

Møring eller trønder?

Kva er Nordmøre best tent med, framleis vere ein del av Møre og Romsdal eller å få Trondheim og Trøndelag som sin region? Spørsmålet blir debattert på eit folkemøte i kveld.

Tyholttårnet vinterstid

Skal Trondheim bli ny fylkeshovudstad for Nordmøre?

Foto: NRK

Fylkesordførar Jon Aasen frå Arbeidarpartiet er ein av debattantane på møtet som Tidens Krav arrangerer. Han meiner spørsmåla om identitet eller realitet er avgjerande.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen trur Nordmøre er best tent med å høyre til Møre og Romsdal.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

– Eg er ikkje i tvil om at ikkje at store delar av Nordmøre føler identitet over fylkesgrensa. Men det handlar og om realitet, og om Møre og Romsdal er ein viktig del av tenestetilbodet på Nordmøre.

– Kan lettare påverke

Sjølv meiner fylkesordføraren at svaret på det spørsmålet er ja, og meiner at det blir meir tydeleg framover. Han viser til at det går føre seg ei sentralisering, der dei store byane blir større og større, og som «et det meste av lasset».

Tore O. Sandvik

Fylkesordføraren i Sør-Trøndelag tar imot dei som vil kome.

Foto: Tariq Alisubh/NRK

Det er neppe fylkesordføraren i Sør-Trøndelag samd i. Og Tore O. Sandvik har allereie opna armane for dei kommunane som ønskjer å endre fylkesgrensa.

Ifølge Aasen er Møre og Romsdal framleis eit distrikt der ein til ein viss grad greier å plassere tenestetilbod over heile fylket.

Han meiner at slik det er i dag kan kommunane vere med å påverke når det gjeld til dømes samferdsel og vidaregåande skular. Det trur han blir verre om ein kjem inn i eit mykje større område, og som i dette tilfellet der ein stor by kan kome til å dominere.

Skal samordne ti kommunar

Men når debatten kjem opp så skuldast det og dei tenestene som Nordmøre føler sterkt på at dei har mist, som sjukehus og politimeister.

Ordfører i Halsa Ola Rognskog

Regionrådsleiar Ola Rognskog tvilar på at det blir trekt ein konklusjon på dagens debattmøte.

Foto: Hans-Olav Landsverk/NRK

Det er noko som Halsa-ordførar Ola Rognskog må ta med i si vurdering, når han som leiar av Nordmøre Regionråd skal representere synet til ti kommunar.

Han vedgår at det er krevjande å samordne dei ulike synspunkta til ei røyst.

– Men det ein må legge vekt på er at store delar av Nordmøre no ropar eit varsku. Denne regionen må få dei vekstimpulsane som samfunnet her treng.

Rognskog håpar på ein sakleg debatt der fakta og rasjonelle avvegingar blir styrande, sjølv om han ser at også kjensler er ein del av det heile.

– Geografi seier noko, og så må vi berre innsjå at kultur og identitet trekkjer oss begge vegar. Nordmøre er heller ikkje einsarta frå nord til sør og frå aust til vest. Så å trekke ein konklusjon i kveld, med to strek under svaret, det blir ikkje enkelt.