NRK Meny
Normal

Mørebenken møtte mink og rev

– Pelsdyrnæringa er for viktig til å bli avvikla. Næringa er liv laga, meiner fire frå Mørenbenken etter møtet med pelsdyroppdrettarar i dag.

Politikarar studerer mink

PELSFARM: God humør følgde med då delar av Mørebenken besøkte pelsdyroppdrettar Jetmund Øye t.v. i dag. Oskar Grimstad, Frp, Helge Orten frå Høgre, Rigmor Andersen Eide, KrF og Elisabeth Nørve, H fekk grundig innføring i ulike problemstillingar rundt pelsdyrnæringa.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Delar av Mørebenken på Stortinget møtte ei av dei mest kritiserte næringane i landet, då dei i ettermiddag besøkte Øye i Ørsta for å få brei orientering frå næringa sjølv og frå Mattilsynet.

– For oss er det kjempeviktig at politikarane veit kva vi i næringa snakkar om når vi kjempar innbitne for at pelsdyroppdrett skal bestå, og ikkje bli avvikla her i landet. Politikarane får jo så mykje input frå anna hald, at vi må få seie vårt også, seier Erik Stølan, politisk kontaktperson for Norges Pelsdyralslag i Møre og Romsdal.

Stort alvor

Erik Stølan

Erik Stølan jobbar for Pelsdyralslaget i Møre og Romsdal og var den som tok initiativet til møtet med politikarane.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det var Pelsdyralslaget i samarbeid med dei fire pelsdyrgardane på Øye, som inviterte til møtet i dag. På Øye har det vore drive oppdrett av mink og rev i fleire generasjonar, og når politikarane på Stortinget først skulle få innføring i næringa, var miljøet her eit naturleg val, meiner laget.

Helge Orten frå Høgre er leiar for Mørebenken, og saman med seg til Øye i hadde han Rigmor Andersen Eide frå KrF, Oskar Grimstad frå Frp og partikollega Elisabeth Røbekk Nørve. Også fleire politikarar frå fylkespartia til dei tre og ordføraren i Ørsta, var med på møtet.

Det var med stort alvor at politikarane fekk høyre kva oppdrettarane sjølve og interesseorganisasjonen deira meiner om eiga framtid.

Mink i bur

Mink i bur som dette, fekk politikarane sjå på nært hald på Øye i dag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det er svært slitsamt å leve under så stor uvisse for eiga framtid. No har politikarane snakka i årevis om at det skal bli ulovleg å drive med pelsdyr her i landet, og no må det snart kome til ei avklaring. Dette går utover rekrutteringa og investeringar, var noko av bodskapen frå næringa.

Møre og Romsdal er eit middels stort pelsdyrfylke her i landet med 13 pelsdyroppdrettarar. Hovudtyngda ligg på Sunnmøre med Nordmøre på andreplass. Det er ikkje lenger pelsdyrgardar i Romsdal.

Første gong på nært hald

Arrangørane hadde også lagt inn eit besøk til mink- og revehusa til oppdrettar Jetmund Øye, og besøket der i fekk også smila fram. Der blei det både klapp og kos for reven som veteran Steinar Nordang heldt fram for politikarane

– Det er første gong i mitt liv eg er på så nært hald til pelsdyr, og det er jammen både kjekt og interessant, sa Helge Orten frå Høgre.

Mørebenken på besøk i revefarm

Helge Orten frå Høgre hadde aldri før vore på så nært hald til pelsdyr.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Både han og dei andre politikarane gav ros til næringa for at dei inviterte til dialog.

– Vi har fått grundig informasjon om næringa, og ikkje minst var det svært interessant å høyre om tilbakemeldingane frå Mattilsynet. Tala dei la fram etter inspeksjonar på Sunnmøre i år, viser svært få avvik. Dei er jo nøytral part i dette, og no viser det seg at det faktisk er gode tilstandar i norsk pelsdyrhald. Næringa er ikkje verre enn andre når det gjeld dyrevelferd, seier Elisabeth Røbekk Nørve.

Rigmor Andersen Eide, KrF, representerer eit parti som har programfesta støtte til næringa.

Steinar Nordang

Steinar Nordang har drive med pelsdyr heile livet, og meiner dei få øydelegg for mange når dyrevelferda blir sett på spel.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi får servert nok negativt om næringa i det daglege, og når vi får oppleve dette, er det eit pluss. Sjølv om vi har programfesta støtte, har eg presisert til oppdrettarane her, at vi krev strenge reglar, kontrollar og sertifikatordning for dei som skal drive med pelsdyr, seier Andersen Eide.

Må få halde fram

Framstegspartiet har markert seg som ein forsvarar for pelsdyrnæringa. Oskar Grimstad seier etter dagens besøk på Øye at dette er ei næring med varer som er sterkt etterspurt internasjonalt.

– Viss vi vil at bygder som Nordangsdalen skal leve i framtida, må vi akseptere og støtte opp om slike næringar. Vi ser dei prioriterer dyrevelferda og at dyra har det godt. Legg vi ned her i landet, og lar alt skje i utlandet, vil ikkje det bety at dyra får det betre. Mange andre land har på langt nær same dyrveldferda som Noreg. Slike tilstandar kan ingen leve med, meiner Grimstad.

Mørebenken

Minken hos Jetmund Øye blei grundig studerte av politikarane.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Mange av motstandarane våre, både dyrevernarar og politikarar, byggjer synspunkta sine på for grynt grunnlag. Dei ser skrekkbilete på tv, på nett og i aviser av skadde, sjuke eller døyande dyr. Og så trur dei at slik er det over alt i næringa. Det er slett ikkje tilfelle, seier Jetmund Øye.

Ikkje samla Mørebenk

Dei fire stortingspolitikarane er altså positive til næringa. Men Helge Orten har likevel ikkje tru på at Mørebenken vil klare å samle seg om eitt syn på framtida til næringa. Han eige parti er til dømes delt i synet på avvikling eller ikkje.

– Vi har ulike partipolitiske utgangspunkt. Partiprogramma styrer jo ein god del av dette. Her har vi fått med oss faktagrunnlaget frå både Mattilsynet og næringa. Det gir eit anna inntrykk enn berre eit Brennpunkt- program eller vinklinga frå dyrevern-sida. Her ser vi at det blir drive godt.

Pelsdyrhus på Øye

På Øye har det vore drive med pelsdyr i fleire generasjonar. No er det fire farmar att i bygda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Orten seier Mørebenken no tek saka vidare internt i kvar sine parti. Og meiner dei har fått med seg viktig grunnlag for vidare politisk handtering etter møtet på Øye i dag.