Hopp til innhold

Møreaksen trur på ferjefritt i 2020

Forkjemparane for det ferjefrie vegsambandet Møreaksen vil ha fortgang i arbeidet.
Men i dag er det heilt usikkert korleis prosjektet som skal knyte Romsdal saman med Sunnmøre skal finasierast.

Video Møreaksen vil ha fortgang i arbeidet

Vegsambandet Møreaksen blir dyrt og regjeringa avviser særbehandling.

Bompengar dekker ikkje nok, og utsendingar frå regjeringa kunne ikkje love noko særbehandling.

Hilde Singsaas

Statssekretær Hilde Singsås i Finansdepartementet vil ikkje love noko form for særbehandling utenom tur

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Eg forstår at folk her er utolmodige og ønskjer å få sine prosjekt igang. Men vi trur at alle er tent med at alle prosjekt blir behandla innafor samme ramme. Og det betyr av vi ikkje vurderer eigne finansieringsprosjekt no, seier statssekretær i Finansdepartementet, Hilde Singsaas (Ap).


På konferansen i Molde fekk dei mange interesserte tilhøyrarane presentert moglege finansieringsmetodar for det etterlengta prosjektet. Offentleg-privat-samarbeid og lån frå staten vart trekt fram som to gode alternativ.

- Lånefinansiering inneber at prosjekta blir kjøpt på avbetaling. Vi er opptatt av at politikarane som vetek budsjetta også skal finne inndekning. På den måten meiner vi at vi prioriterar pengane best, meiner Singsaas.

Helge Orten

Dagleg leiar i Møreaksen Helge Orten har tru på ferdigstilling før 2020.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Eg har god tru på at skal finne ei god løysing på finansieringa, seier dagleg leiar i Møreaksen, Helge Orten. Han meiner det er realistisk å tru at prosjektet kan realiserast innan 2020.