Dagleg leiar i Møreaksen, Jan Petter Hammerø, er på offensiven for det store fjordkryssingsprosjektet av Romsdalsfjorden. Prosjektet vil også knyte saman Aukra og Midsund.
Får sterke signal
Ambisjonen er å få Møreaksen til raskt å bli bygd og betalt gjennom eit offentleg og privat samarbeid.
– Vi har fanga opp sterke signal. Noverande statsminister Erna Solberg sa under besøket sitt i sommar at Møreaksen bør vere eit prosjekt som kan realiserast gjennom OPS, altså offentleg-privat samarbeid, seier Hammerø.
- Les også:
Artikkelen held fram under bildet.
– I rett tid
Møreaksen kan stå for tur etter det store Rogfast lenger sør på Vestlandet. Derfor er dei frampå og inviterer til eit dialogmøte i Oslo om nøyaktig éin månad. Der vil dei møte entreprenørar som kan vere aktuelle for å bygge Møreaksen, samt private institusjonar og fond som kan tenkje seg å bruke pengar på prosjektet.
Møreaksen-forkjemparen trur tida er den rette for å få gjennomslag trass i usikre økonomiske tider.
– Det er då sentrale myndigheiter ser etter trygge prosjekt som kan realiserast og som vil gje effektar for det noverande regimet - og også for framtida til Noreg, seier han.