Hopp til innhold

Vil framleis ha fire felt over Romsdalsfjorden

Fylkesrådmannen vil ikkje vere med på diskusjonen om å kutte standarden på den planlagde hengebrua over Romsdalsfjorden. Kollegaen i Hordaland tek no slike grep for å spare pengar.

Møreaksen illustrasjon

Den planlagde ferjefrie vegen mellom Trondheim og Kristiansand kjem etter planen til å koste minst 340 milliardar kroner. I Møre og Romsdal er det ikkje interesse for å prøve å få ned prisen.

Foto: TIBE

Den planlagde ferjefrie vegen mellom Trondheim og Kristiansand skal korte køyretida med sju timar. Men det kostar.

Fylkesrådmannen i Hordaland tek no til orde for at ein bør gå for to felt i staden for fire på bruene for å få ned kostnaden.

Men den diskusjonen kjem ikkje fylkesrådmann Otte Brage Guttelvik til å delta i no.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik vel ein annan veg enn kollegaen i Hordaland. Guttelvik seier det ikkje er aktuelt å vurdere kostnadskutt no.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Nei, frå Møre og Romsdal si side har vi ikkje vurdert det. Vi vil følgje dei planane som er lagt, seier Guttelvik.

Les også:

340 milliardar kroner

Den etterlengta ferjefrie kystvegen har blitt dyrare og dyrare. I utgangspunktet skulle riksvegen frå Kristiansand til Trondheim koste 150 milliardar kroner, men kostnadene har auka og er no meir enn dobla. Spesielt har kostnadene lenger sør på Vestlandet auka.

Fleire i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal har tidlegare sagt at dei fryktar kostnadsauken der kan gå ut over dei tre fjordkryssingsprosjekta her i fylket.

– Ikkje teknisk mogleg

Harald Inge Johnsen

Prosjektleiar Harald Inge Johnsen syns ikkje noko om ideen om å kutte talet på køyrefelt, for å spare pengar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Landets lengste hengebru er planlagt over Romsdalsfjorden, og kostar åleine mellom fire og fem milliardar kroner.

Men prosjektleiar Harald Inge Johnsen i vegvesenet seier det ikkje er teknisk mogleg å byggje brua med berre to køyrefelt.

Vi må byggje slik for å klare det, seier han, og viser til at det både er vindfullt i området og at brustrekket er uvanleg langt.

Møreaksen

Statens vegvesen har allereie lova at Møreaksen vert nesten to milliardar kroner billegare enn venta. På ein pressekonferanse i november la dei fram nye tal som viser at kostnadane kan senkast frå 16,4 til 14,5 milliardar kroner.

Det har gått tre år sidan regjeringa lovde ferjefri E39 innan 20 år, og Stortinget skal gjere vedtak om den nasjonale transportplanen til våren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL