Hopp til innhold

Møreaksen kan byggast 16 milliardar billigare

Det store vegprosjektet som skal binde saman Ålesund og Molde kan byggast 16 milliardar kroner billegare enn planlagt. Det viser heilt ferske tal frå vegvesenet.

Møreaksen - hengebru

I Møreaksen inngår ei hengebru over Julsundet. Nye utrekningar viser at brua truleg kan byggjast smalare enn tidlegare planlagt. Dette er noko av årsaka til at prosjektet kan bli billigare enn det som gjekk fram i Nasjonal transportplan.

Foto: Rambøll

Den nye kostnadsprognosen for Møreaksen var akkurat klar til Transportkomiteen i Stortinget kom på besøk til Molde onsdag. Ifølgje Nasjonal Transportplan skulle vegen koste 39,5 milliardar kroner. No er dette redusert til 23,1 milliardar.

– Reisetida nesten den same

Det er valgt enklare løysingar. Men dette skal, ifølgje vegvesenet, ikkje føre til vesentleg auka reisetid mellom byane Ålesund og Molde.

Kjetil Strand i Statens vegvesen

Kjetil Strand, strategisjef i Statens vegvesen, region midt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Der vi opphavleg opererte med kutt i reisetida på ein time så oppnår vi med 23,1 milliardar kroner ein reduksjon i reisetida på 50 minutt. Det er vi svært fornøgde med, seier strategisjef i Statens vegvesen, Kjetil Strand.

Ferjefri E39

Møreaksen er ein del av gigantprosjektet «Ferjefri E39» mellom Kristiansand i sør og Trondheim i nord. Det overordna prosjektet blei vedteke av Stortinget under behandlinga av Nasjonal transportplan i juni 2017.

Vegen går gjennom seks fylke og er innom byane Kristiansand, Stavanger, Bergen, Ålesund, Molde og Trondheim. Vegen blir om lag 1100 lang og kortar ned reiseavstanden med 50 kilometer.

Prosjektet kryssar Boknafjorden, Langenuen, Bjørnafjorden, Sognefjorden, Nordfjorden, Vartdalsfjorden, Sulafjorden, Romsdalsfjorden og halsafjorden. Mellom fjordkryssingane skal det i stor grad byggast nye vegstrekningar.

Molde Vestnes

Ferjestrekninga mellom Molde og Vestnes er blant dei mange ferjestrekningane som blir overflødige når den nye E39 står ferdig.

Foto: Kjell Herskedal / NTB scanpix

Billegare løysingar

Vegen mellom Ålesund og Molde har fått namnet «Møreaksen». Opphavleg blei dette planlagt som firefelts veg tilrettelagt for ei fart på 110 kilometer i timen. No går planen ut på å bygge vegen som to- og trefeltsveg i første omgang og utvide til fire felt etter behov seinare. Og det blir valt enklare og billegare løysingar på nokre område. Det er forklaringa på den drastiske reduksjon i prislappen.

– Den største effekten i arbeidet med å få ned kostnadene er å forandre prosjektet frå fire-felts veg til tre felt, seier Strand.

Møreaksen bompengar

Slik ser vegvesenet for seg at bompengesatsane blir når Møreaksen eventuelt opnar. Kryssing av Romsdalfjorden blir dyrast, men har også størst nytte, ifølgje vegvesenet.

Foto: Statens vegvesen

Billegare og smalare bru

Det er også henta inn ein vesentleg kostnadsreduksjon på brua over Julsundet. Vindmålingar viser at hengebrua kan byggjast smalare enn det ein trudde tidlegare.

– Sjølve vegbreidden på brua blir den same, men brukassa kan byggjast smalare, seier strategisjef Kjetil Strand i vegvesenet til NRK.

Her er det i stor grad materialkostnadene som blir lågare ved den nye løysinga.

Stortingets transport- og kommunikasjonskomite i Molde

Transportkomiteen i Stortinget blei informert om dei nye kostnadsprognosane i Molde onsdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Politisk press

Dei nye kostnadsoverslaga kjem som eit svar på eit krav frå samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) om at kostnadene i prosjektet måtte ned. 8. september 2018 sa Dale at det var heilt avgjerande å redusere utgiftene om prosjektet skulle realiserast.

– Vi har gjort dette arbeidet på grunn av dei politiske signala om å få ned kostnadene. Så vi har følt eit press for å få dette til, seier Strand.

– Burde ha valt 4 felt

Ikkje alle er like nøgde med at vegvesenet har gått ned frå firefelts veg til ein veg med berre tre felt. Ein av dei er Tor André Johnsen som sit i Transportkomiteen for Framstegspartiet. Han meiner dagens løysing er kortsiktig.

– Dette er ikkje framtidsretta. Det er kortsiktig å måtte byggje om til fire felt på eit seinare tidspunkt. Dette blir som å byggje ei enkeltgarasje når du allereie har to bilar, seier Johnsen.