Hopp til innhold

Alle desse artistane har to ting felles

Alle artistane er frå Møre og Romsdal. Og alle har gitt oss minneverdige bidrag i Melodi Grand Prix. Her kan du leite deg fram til din eigen favoritt.

Grand Prix

Dette er Møre og Romsdals mangslungne Grand Prix-historie. Eli Tanja var først. Og visste du at Henning Sommerro har vore med? Kjenner du ikkje igjen alle? Du blir kjend med dei om du les heile artikkelen.

Foto: Montasje: Lena Stette Høyberg / NRK/Scanpix

Du vil kanskje ikkje tru det, men Møre og Romsdal har ei omfattande og heroisk Melodi Grand Prix-historie. Alle har gitt oss opplevingar det er verd å hugse. Her får du alle på eitt brett. Om du vil hoppe rett til din favoritt kan du klikke på lenkja til artisten din her:

Når du har høyrt låtane: Kva overraskar deg mest? La du merke til noko spesielt? Skriv gjerne i kommentarfeltet under artikkelen.

Eli Tanja 1972

Den aller første norske Melodi Grand Prix-finalen gjekk av stabelen i 1960. Seks låtar deltok, og til slutt kunne programleiarane Erik Diesen og Odd Grythe rope ut melodien «Voi Voi» med Nora Brockstedt som vinnar.

Men det skulle gå heile 12 år før den første artisten frå Møre og Romsdal skulle entre det skarpe scenelyset i NRK-studio på Marienlyst.

Året var 1972 og Vidar Lønn Arnesen var programleiar. 5 songar sto på startlista. Kvar song skulle syngast to gongar, først med lite orkester og deretter med stort orkester.

Eli Tanja

Ifølgje våre undersøkingar er Eli Tanja frå Ålesund/Åndalsnes den første frå Møre og Romsdal som var med i Melodi Grand Prix.

Foto: Artistfoto

Siste song, var «Et hus på landet», av Tor Arne Johnsen. Og artisten, med lite orkester, var Eli Tanja frå Ålesund og Åndalsnes.

Å, ja, eg hugsar svært godt den dagen. Det eg hugsar aller best er sjølvsagt at «Et hus på landet» kom på sisteplass, ler Eli Tanja Paulsen.

Eli Tanja vaks opp i Ålesund og flytta til Åndalsnes som 12-åring. Ho har hatt ei omfattande karriere både i Noreg og i utlandet. Sjølv om deltakinga i Melodi Grand Prix ikkje var den største suksessen, hugsar ho dette med glede.

Eg delte garderobe med Nora Brockstedt. Og vi blei gode venninner, seier ho.

Henning Sommerro 1980

Resten av 70-talet gjev oss få spor av Møre og Romsdal i historiebøkene til Melodi Grand Prix. Men i 1980 skjer det noko. Programleiar Åse Kleveland kan presentere songar av både Jahn Teigen og Anita Skorgan. Men det er Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta som vinn. Og midt opp i dette får vi møte Henning Sommerro med «Auståvind». Han har sjølv skrive melodien og teksten er ved Jørgen Gravvold.

Henning Sommerro

Forfattaren Jørgen Gravvold var ein diktar frå Bøverdalen i Surnadal. Han har skrive ei rekkje tekstar og blei tildelt Kleivaprisen i 2001.

Bo 1982

1981 var året då Finn Kalvik vann med «Aldri i livet». Rett nok var Magne Bruteig frå Vestnes med i Tramteatret som dette året deltok med «Det er vår tur nå». Men vi må fram til 1982 for å finne ein artist frå Møre og Romsdal som står på eigne bein.

Bodil Norunn Larsen, no Bodil Nilsen, frå Haramsøya var aktiv som artist på 80-talet. I 1982 deltok ho med songen «Kom heim» av Terje Formoe og Rolf Løvland. Løvland blei seinare sjølve Kongen av Grand Prix og Formoe er jo far til Kaptein Sabeltann.

Bo

Dette året kunne ein entusiastisk Ivar Dyrhaug rope ut Jahn Teigen og Anita Skorgan som vinnarar med låten «Adieu». Bo enda på 8.-plass med 46 poeng og slo både Gudny Aspaas og Dollie med Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov.

Sterkt år for Romsdal 1988

Melodi Grand Prix var under stadig utvikling. I 1988 blei kvartfinalane avvikla etter utslagsningsmetoden i programserien «Lørdan». Dan Børge Akerø var programleiar, og han fekk introdusere både Åse Karin (Karina) Hjelen, Lars Jones og Stig Gjendem frå Molde.

Hjelen og Jones stilte med «Du skal leve» opp mot «Lengt» med Iselin Alme og Grand-Prix-nestor Tor Endresen. Stig Gjendem stilte med «Din tur» opp mot «For vår jord» med vinnaren Karoline Krüger. «Din tur» er skriven av Arne Akselvoll, som også er frå Møre og Romsdal.

Åse Karin Hjelen
Stig Gjendem

Men verken Stig Gjendem, Åse Karin Hjelen eller Lars Jones gjekk til finalen dette året.

Ingeborg Hungnes 1989

Dette blei året då Britt Synnøve Johansen skulle gå til den internasjonale finalen med «Venners nærhet». Det var også året då vår eigen Ove Borøchstein stilte med «Optimist» med Jahn Teigen som artist.

Og Ingeborg Hungnes frå Molde deltok med Stig Nilsson frå Kristiansund sin «Et lite lys».

Ingeborg Hungnes

Geir Rønning 1995

I første halvdel av 90-talet er både Stig Nilsson, Ove Borøchstein, Botolf Lødemel og Stig Gjendem aktive som låtskrivarar for Melodi Grand Prix. Men no må vi fram til 1995 før vi finn ålesundaren Geir Rønning.

Han kjem seg akkurat så vidt gjennom semifinalen, der han får 51 % av stemmene for låten «Uten lyst, uten tro», og slår dermed akkurat Gry Janette Antonsen som har låten «Fly avsted».

Geir Rønning

Geir Rønning song om surt nedbør, og oppnådde ein 7.-plass. Dette var året då Secret Garden vann med «Nocturne».

Helga og Marie Hatløy 1996

1996 var året då vi song «Dam, dubi, dubi, dam-dam, dei». Dette var nemleg året då tvilling-systrene Helga og Maria Hatløy frå Herøy stilte med «Frieri».

Helga og Marie Hatløy

Ålesundaren Geir Rønning dukka opp i Melodi Grand Prix dette året også. Til og med tittelen var på klingande ålesundsk: «Uten de'»:

Geir Rønning

Håvik og Rønning 1997

I 1987 dukkar Guro Håvik opp med Gunnar Lorentzen-låten «Consensus». Og Geir Rønning gir seg ikkje. Han oppnår ein 7.-plass med «Venter på deg».

Dette er året då Tor Endresen vinn med legendariske «San Fransisco». NRK har dessverre ikkje rettar til å vise Melodi Grand Prix i perioden 1997–2005 på nett.

Guro Håvik

Guro Håvik deltok i 1987 med «Consensus».

Foto: Helge Jørgensen

Gjermund Elgenes og Malin Holberg 1997

Slett ikkje alle visste at Øyvind Elgenes frå Dance With a Stranger har ein bror, som også er musikar. I 1998 deltok han med «Som ei engel». Han fekk 0 poeng frå 4 av distrikts-juryane, medan ekspertjuryen gav han 4 poeng. Han enda til slutt på 7.-plass.

Gjermund Elgenes

Gjermund Elgenes deltok med «Som ei engel».

Foto: ROAR VESTAD / NTB scanpix

Og frå Smøla kom Malin Holberg med «En ny mårran». Ho hausta aller flest poeng frå Trondheim-juryen, og kom til slutt på ein femteplass.

NRK får dessverre ikkje vise innslaga frå denne sesongen på nett.

Elin Ingeborg Torset 2001

I 2001 var Elin Ingeborg Torset frå Skarsøya med i Melodi Grand Prix. Ho stilte med låta «Brigthter than light». Elin Torset blei av fleire utropt til favoritt dette året, og ho oppnådde til slutt ein andre-plass, faktisk den beste plasseringa av alle i dette oversynet.

«Brigthter than light» fekk 82 poeng i finalen og blei berre slått av vinnaren Haldor Lægreid med «On my own».

Åse Karin Hjelen 2003

Åse Karin Hjelen stilte på nytt i Melodi Grand Prix i 2003 med låten «Han kom som ein vind». Dette blei slett ingen suksess. Av 12 låtar kom Hjelen på 12.-plass. Avstemmingsresultatet viser at Vestlandet gav null poeng, det same gjorde Nord-Noreg, Sørlandet, Midt-Noreg og Austlandet. Til saman null poeng i det norske finalen, altså.

Åse Karin Hjelen

Åse Karin Hjelen deltok med «Han kom som ein vind».

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

NRK har diverre ikkje rettar til å kunne vise innslaget frå 2003 på nett.

Geir Rønning 2006

Geir Rønning frå Ålesund har slett ikkje gitt seg. I 2006 slo han seg saman med Jorunn Erdal frå nabofylket i sør. Dei kom heilt til gullfinalen med «Lost and found».

Geir Rønning Jorunn Erdal

I sjølvaste finalen enda Geir Rønning og Jorunn Erdal på ein fjerdeplass. Dette var året då Christine Guldbrandsen vann med «Alvedansen».

Aina Beate Gundersen 2008

2008 var eit godt Melodi Grand Prix-år. I finalen i Oslo Spektrum var det ei samisk låt, «Andagassi» med Ann-Mari Andersen, King of Trolls deltok med «Far Away» og Maria Haukaas Storeng, no Mittet, imponerte heile nasjonen med «Hold On Be Strong».

Også dette året var Møre og Romsdal representert. For i gruppa Tinkerbells syng Aina Beate Gundersen frå Sunndal, og låta heiter «Hold on». Ho var også med på å skrive låta, saman med Svein Gundersen og Jan Groth.

Tinkerbells

Tingkerbells i 2008. Aina Beate Gundersen i midten.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Tinkerbells høyrer til den kategorien som fekk framført songen sin tre gongar i Melodi Grand Prix-samanheng. Første gongen var under første delfinale i Stavanger. Derifrå gjekk Tinkerbells vidare til «Sistesjansen», og gjekk vidare til finalen saman med Ole Ivars.

I finalen kom Tinkerbells på ein delt femteplass, altså blant dei fire låtane som ikkje gjekk vidare til gullfinalen.

NRK har dessverre ikkje rettane til å vise finalen i 2008 på nett.

Sunny og «Siste sjansen» i Ålesund 2009

2009 var året då det blei arrangert Melodi Grand Prix delfinale i Ålesund. Dette var den siste delfinalen, med den siste utveljinga i «Sistesjansen».

Solgunn Ivana Valstad frå Ålesund stilte først i delfinalen i Grenland. Ho gjekk ikkje til finalen derifrå. Men ho var heller ikkje ute. Ho gjekk til «Sistesjansen», som dette året blei arrangert i heimbyen Ålesund.

Men det gjekk ikkje så veldig bra. Ho rauk ut i første runde. Frå «Sistesjansen» i Ålesund var det Publiners og Espen Hana som gjekk vidare. Dette var året då Aleksander Rybak vann med «Fairytale» og Tone Damli Aaberge måtte ta til takke med andreplass med «Butterflies».

Muri og Hide i 2010

Også 2010 blei eit godt Grand Prix-år for Møre og Romsdal. Bjørn Johan Muri kom seg heilt til gullfinalen etter å ha vore innom «Sistesjansen» på vegen.

Bjørn Johan Muri

Bjørn Johan Muri fekk beinhard konkurranse. I finalen kjempa han mot internasjonale A1, Maria Haukaas Storeng, Venke Knutson og Maria Arredondo. Til slutt var det Didrik Solli-Tangen som vann, med «My heart is Yours».

Tidlegare i prosessen hadde han også hatt konkurranse frå ein annan Møring, nemleg Johnny Hide med «Rewind Love». NRK Nett-TV inneheld diverre ikkje sendinga frå delfinalen i Ørland eller Sistesjansen i Sarpsborg der Hide rauk ut.

Rikke Lie i 2012

I 2012 var det Rikke Lie frå Ålesund sin tur. Ho deltok i 2. delfinalen i Larvik og rauk ut.

Låta til Rikke Lie kom ikkje til finalen, der Toji til slutt vann med «Stay».

Martin Blomvik i 2013

I 2013 var det Martin Blomvik frå Sula som skulle representere Møre og Romsdal i Melodi Grand Prix. Han deltok i delfinalen i Florø. «Det va’kje mi tid» heitte låten, som han skreiv saman med Bjørn Johan Muri og Mats Winholdt.

Martin Blomvik

«Det va’kje mi tid» heitte låten som Martin Blomvik framførte i Melodi Grand Prix i 2013.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Martin Blomvik deltok i same delfinalen som vinnaren dette året, Margaret Berger, med «I feed you my love».

El Cuero og Dina Misund i 2014

I 2014 kom begge deltakarane frå Møre og Romsdal heilt til finalen. Dina Misund frå Midsund gjekk vidare frå den første delfinalen og El Cuero frå Kristiansund gjekk vidare frå den tredje.

El Cuero

El Cuero gjorde Melodi Grand Prix-scena til ein skikkeleg rockeklubb og skapte stor stemning med «Ain't no love in this city no more». Men gruppa frå Kristiansund nådde ikkje fram til gullfinalen.

Det gjorde heller ikkje Dina Misund. Ho stilte med country-balladen «Needs».

Dina Misund

Dina Misund

Dette var året då Carl Espen Thorbjørnsen vann med «Silent Storm» av Josefin Winther.

Jenny Langlo 2015

I 2015 var det mange som hadde Jenny Langlo og «Next to you» som favoritt. Men dette blei året då ei låt som «En godt stekt pizza» kom på tredjeplass og «A monster like me» med Mørland og Debrah Scarlett gjekk sigrande ut av konkurransen.

Jenny Langlo

Nokre ekstra godbitar

Så vil kanskje nokon seie at også Melodi Grand Prix-dronninga over alle, Elisabeth Gunilla Andreassen, fødd Andreasson, med røter i Sykkylven burde ha vore med på dette oversynet.

Og ja. Utan at presset frå Sykkylven har vore særleg meir enn forventa, tek vi sjølvsagt med Elisabeth «Bettan» Andreassen (fødd Andreasson), Grand Prix-dronninga over nokon, saman med Hanne Krogh i Bobbysocks, med låta som tok Noreg heilt til topps i 1985, «La det swinge».

Norsk finale i Melodi Grand Prix 1985 - den 25. i rekken. Det er mange debutanter blant årets artister, bare Hanne Krogh i Bobbysocks, Olav Stedje, Anita Skorgan og Hilde Heltberg har deltatt tidligere. Fire av de ti komponistene har stilt med bidrag før, nemlig Kai Eide, Anita Skorgan, Rolf Løvland og Rolf Graf. Nytt av året er Storbandet - Kringkastingsorkestret får fri! Nytt av året er også bidraget til fire internasjonale fagdommere, ved siden av de fem norske distrikts-juryene. Ekspert-juryen består av Tony Visconti, Anne-Marie David, Stikkan Anderson og Ronnie Hazlehurst.
Direkte sending fra Chateau Neuf i Oslo. Storband dirigert av Terje Fjærn. 
Konferansier: Rita Westvik

Jahn Teigen sine låtar kunne også ha vore med i oversynet, gjennom Ove Borøchstein og for eksempel låten Optimist frå 1989.

Låtskrivarane Stig Nilsson, Lars Jones, Bottolf Lødemel, Arne Akselvoll og Stig Gjendem er allereie nemnde. Og kjem du på nokon vi har gløymt, skriv gjerne om det i kommentarfeltet her.

Men vi tek med «Optimist», og hyllar Ove Borøchstein og alle andre låtskrivarar frå Møre og Romsdal som har vore med i Melodi Grand Prix.

(Spol gjerne fram 43 minutt ut i sendinga).

Ove Borøchstein

Ove Borøchstein skreiv også «Smil» som Jahn Teigen deltok med i 1990. Denne gongen var også Stig Nilsson frå Kristiansund med. Saman med Svein Gundersen skreiv han «Østenfor sol», som blei framført av gruppa «Damer og herrer», ei gruppe samansett av Lars Klevstrand, Kjersti Berge, Ingeborg Hungnes og Paul Åge Johanesen.

Stig Nilsson

Melodi Grand Prix 2016

Korleis skal det så gå i år. Vi har ein artist frå Møre og Romsdal allereie i første låt «Laika» med The Hungry Hearts featuring Lisa Dillan. Edith Roth Gevion, den tidlegare volleyballspelaren frå Blindheim i Ålesund er kunstnarleg leiar i gruppa. Her har opningslinja «The streets of Moscow, with my girlfriend» allereie skapt debatt.

Og eit par låtar seinare er det balladetid. Då set vi vår lit til Stine Hole Ulla frå Grand Prix-kommunen Sykkylven. Ho skal smelte oss med «Traces». Sykkylvsjenta har operasongar Solveig Kringkebotn som mentor og har fått råd om å bruke mindfulness til å takle nervane i forkant av konkurransen.

Finalen kan du sjå her:

Konfettikanonene er ladet for årets største musikkfest, Melodi Grand Prix. Begivenheten sendes direkte fra Oslo Spektrum, hvor ti bidrag skal kjempe om æren av å representere Norge i den internasjonale finalen i Stockholm. Det er seernes stemmer som avgjør hvem som går videre i verdens største musikk-konkurranse. Programmet ledes av Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh, som også lover noen helt spesielle overraskelser.