Møre og Romsdal spart for Aina

Medan kraftig vind og høge bølgjer stoppar ferjetrafikken i fylka sør for oss, har Møre og Romsdal blitt spart for ekstremveret Aina. Eit stormsenter låg rett vest for Møre og Romsdal natt til fredag, men utan at det er meldt om skade av noko slag. Det er framleis storm lenger sør på Vestlandskysten. I Nordland er det venta at vinden avtar, mens den aukar i Troms og Vest-Finnmark. Møre og Romsdal kan få liten storm i ettermiddag.