Møre og Romsdal på 5.plass

I årets TV-aksjon ser Møre og Romsdal ut til å hamne på ein femteplass av fylka, med nesten 45 kroner per innbyggar. Det er vel tre kroner over landssnittet. Totalt i landet er det samla inn over 220,6 millionar kroner, og nesten 12 millionar kjem frå Møre og Romsdal. Årets aksjon gjekk til Care og til kvinners rettar i ni land.

TV-aksjonen 2019
Foto: Erik Burås / NRK