– Dette er kjempebra. Eg kosar meg. Eg har sykla på jobb kvar dag i det fine vêret så dette går veldig fint det.
Tor Tynes nyt godvêret saman med Tove Pilskog medan dei spaserer langs kaia i Brosundet i Ålesund sentrum. Det er kaldt, men sola har byrja å skine. Det er ikkje noko regn i lufta. Heller ikkje snø. Og slik har det vore heile den siste månaden.
– Eg synest det er heilt topp. Det er veldig bra. Eg nyt det, seier Tove Pilskog.
Tor Tynes og Tove Pilskog set pris på det langvarige godvêret.
Foto: Trond Vestre / NRKUvanleg
Medan Austlandet og Sørlandet har hatt ein god del nedbør å stri med i haust så har situasjonen vore ein heilt annan i Trøndelag, Møre og Romsdal og i delar av Vestland.
Med unntak av nokre få byer som har snike inn enkelte plassar har det vore fritt for nedbør i denne delen av landet heilt sidan 18. oktober ifølgje Meteorologisk institutt. Og det er ganske uvanleg, seier vakthavande meteorolog Ingri Halland Soldal.
– Det er ikkje ofte at det skjer på denne tida av året. Haustmånadene pleier jo å vere ganske våte.
Også i Trondheim har det vore tørt og kaldt.
Foto: Roger MyrenOg meteorologane som følgjer vêrsituasjonen tett har denne forklaringa på den lange perioden med tørt og kaldt ver i Midt-Noreg og Vestlandet nord for Sognefjorden.
– Det har lagt seg eit høgtrykk i nord som pressar lågtrykka sørover og inn over Skagerak og Storbritannia. Det har ført til at Austlandet, Agder og Rogaland har fått ein del nedbør medan områda lenger nord har godt klar.
Vêret snur på onsdag
Ikkje ei regndrope, ikkje eit snøfnugg. Rachel Helset kan godt tenkje seg at vêret held fram på denne måten. Det har vore dagar og veker heilt utanom det vanlege for den unge ålesundaren.
– Det er jo veldig merkeleg. Vi har jo så mykje nedbør. Men det kjennest veldig godt. Det blir mindre med alle jakkene.
Rachel Helset er vand med regnfulle høstmånader i Ålesund og kan godt tenkje seg at godvêret held fram
Foto: Trond Vestre / NRKMen kanskje må ho ta fram igjen jakkene snart. For perioden med godvêr syng på siste verset no. Om nokre få dagar vil vêret snu og det er nedbør i vente, seier vakthavande meteorolog Ingri Halland Soldal.
– Onsdag blir det eit vêrskifte. Då er det venta inn eit lågtrykk som vil føre til nedbør i heile Vestlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag i alle fall.
– Vil det vare lenge?
– Det er litt usikkert. Det ser ut til å vare ut veka då. Men kva som skjer etter det tør eg ikkje seie noko om.
Slike dagar har det vore mange av i Ålesund den siste månaden.
Foto: Trond Vestre / NRK