Hopp til innhold

Møre og Romsdal kuppar «Farmen» - igjen

Heile tre av 14 deltakarar i årets «Farmen» er frå Møre og Romsdal. Varaordførar i Sykkylven meiner at han vinn fordi han er den sprøaste typen som er med.

Farmen 2014

Denne hausten flytter denne gjengen inn på «Farmen»-garden, for å leve eit liv 100 år tilbake i tid.

Foto: TV2

Over 6000 søkte om å få vere med på årets «Farmen»-innspeling på Tangen i Stange kommune. TV2 starta opptaka i slutten av juli, og ingen kjem no i kontakt med deltakarane. Det for å skape god tv, ifølgje TV2.

Også i år er tre av deltakarane frå Møre og Romsdal. Daniel Godø (22) er ålesundar men studerer i Bergen, Olav Harald Ulstein (51) er frå Sykkylven og Magnhild Vik (42) bur normalt på garden sin i Innfjorden.

Olav Harald Ulstein deltar i Farmen

Olav Harald Ulstein meiner at han kjem til å vinne fordi han er den sprøaste av deltakarane.

Foto: TV2

Olav Harald Ulstein har fleire ballar i lufta til vanleg. Han har ei dotter på 13 år, er kunstnar, varaordførar for Frp og salssjef. Han bestemte seg for å melde seg på «Farmen» fordi han ville gjere noko for seg sjølv – for ein gongs skuld.

– Eg likar opplegget rundt «Farmen», med konkrete oppdrag. Spelet med å bygge alliansar, og kanskje bryte nokre alliansar fascinerer meg, seier sykkylvingen til TV2.

– Kvifor kjem du til å vinne «Farmen» i år?

– Av den enkle grunn at eg er den sprøaste typen som er med.

Det populære realityprogrammet som vil bli sendt på TV 2 til hausten, er også i år leidd av Gaute Grøtta Grav frå Rauma. «Farmen» har premiere måndag 22. september kl. 21.40.

Ville gi Noreg ein ny sjanse

Daniel Godø deltar i Farmen

Daniel Godø frå Ålesund seier at han er veldig positiv – og at det skal gjere at han vinn.

Foto: TV2

Trass sin unge alder har Godø budd både i Australia, USA og England. Men no ønskjer han å gi Noreg ein ny sjanse.

– Eg reiste ut i verda så fort eg vart ferdig på vidaregåande, fordi eg ønskte å kome meg vekk og vere sjølvstendig. Plutseleg slo det meg at eg ikkje har gitt Noreg ein sjanse, fortel han og legg til at det var nettopp difor han melde seg på «Farmen».

Han seier sjølv at han er ekstra trøytt om morgonen – og at det kan bli vanskeleg å bli vant til rutinane på garden. Men vinne – det skal han.

– Eg er tidenes B-menneske, så det kan bli ei utfordring på garden. Elles er eg positiv, energisk og klarer ikkje å sitte i ro. Eg må ha folk rundt meg.

– Eg har mykje erfaring

Magnhild Vik fra Innfjorden deltar i Farmen

Bonden Magnhild Vik har mykje erfaring, men gleder seg til å lære nye ting om det gamle landbruket.

Foto: TV2

Magnhild Vik er bonde – og kjem nok ikkje til å slite med oppgåvene på garden på Tangen. Ho er gift, har fire born og bur i Innfjorden i Rauma kommune. Ho melde seg på Farmen fordi det verka som ei spennande utfordring.

– Eg arbeidar med landbruk til vanleg, og tenker at dette er lett. Men når det blir snakk om gamle måtar å drive ein gard på, så er det heilt annleis. Men då kan eg lære noko nytt.

– Kvifor kjem du til å vinne «Farmen» i år?

– Fordi eg har mykje erfaring, eg har vore bort i mykje rart, eg er ikkje redd for utfordringar og eg har eit enormt konkurranseinstinkt.

I fjorårets sesong var det også tre deltakarar med tilknyting til fylket. Tidlegare AaFk-spelar Frode Fagermo, kristiansundaren Hege Merete Bergsnev og Mari Gjørva frå Geiranger.