Skageflå, Geiranger.
Verdsarv
Område i Stranda og Norddal tonar på toppen på lista over tiltak som får pengar denne gongen. Her har vi bygningsmiljø som Skageflå, Vesterås Gausdal, Sevrinbrauta og Flydal. Alle desse tiltaka må sjåast i samanheng med søknaden om å få området kring Storfjorden inn på UNESCO si verdsarvliste.
Kjønnøybrygga
Men også Kristiansund, Ørsta og Hareid er med. Kjønnøybrygga i Kristiansund er det enkeltprosjektet som får mest pengar, med 400.000,- kroner. I Hareid får Risegarden 95 000,- og i Østa får Svendsengarden 66 000,- kroner.
Tidlegare miljøvernminister på Skageflå i samband med UNESCO si verdsarv-satsing.
- Dette er veldig gledeleg, seier fylkeskonservator Jens Peter Ringstad. Vårt område er det området ilandet som får mest, seier han.
Frivillig arbeid
Ringstad seier til NRK Møre og Romsdal at det frivillige kulturminnearbeidet her går veldig bra, og at dette no blir påskjønna. Dei som driv Norsk Kulturminnefond har merka seg at vi får til ting og at dei vil vere med på denne utviklinga.
Han seier vidare at det ikkje var uventa at Storfjordens Venner får ein stor del av pengane. - Dei driv eit veldig godt arbeid,seier han.
Kristiansund
Satsinga på Kjønnøybrygga i Kristiansund, må også sjåast i samanheng med arbeidet som er gjort på Dødeladen og Toldboden, seier Ringstad. - No er det nabohuset som skal rustast opp, og tilskotet er på 400 000,- kroner seier han.
- Dette er så absolutt eit brukbart beløp. Det er berre 2 andre prosjekt som får så mykje som Kjønnøybrygga fortel Ringstad. - Dette er ei fjør i hatten til dei som driv dette arbeidet i Kristiansund.