Hopp til innhold

Møre og Romsdal består: – No må vi finne tilbake til samhaldet vi var i ferd med å byggje opp

Stortingsfleirtalet vil halde på Møre og Romsdal som eigen region. 19 fylke blir til 10 eller 11 regionar. Møre og Romsdal får stå åleine.

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde er fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

Møre og Romsdal kunne lett ha hamna i ein skvis. I nord har dei to trønderfylka alt slått seg saman. Og i sør ser vi konturane av ein sterk vestlandsregion som er bygt på Sogn og Fjordane og Hordaland. Ei eventuell flytting av Møre og Romsdal nordover eller sørover ville ha møtt store utfordringar. Tilbake kunne ein stå med eit splitta fylke.

Tysdag var det omfattande møteverksemd på Stortinget, der regjeringspartia og støttepartia tok stilling til både regionreforma og kommunereforma. Og når det gjeld regionreforma er konklusjonen at Møe og Romsdal får halde fram som i dag.

– Dette er veldig gledeleg. Vi er blitt lytta til. Fleire av oss har jobba opp mot partigruppene våre på Stortinget. For Møre og Romsdal er der ikkje så mange alternativ til å bli ståande åleine, seier fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde til NRK.

Ti regionar

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti er blitt samde om at det skal vere 10 regionar i Noreg.

  • Nord-Noreg skal delast i to regionar, ikkje tre fylke som i dag.
  • Buskerud, Akershus og Østfold blir ein ny Viken-region.
  • Aust-Agder og Vest-Agder blir til eitt Agder
  • Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har alt vedteke å slå seg saman.
  • Hedmark og Oppland blir til region Innlandet.
  • Hordaland og Sogn og Fjordane blir til region Vestlandet
  • Møre og Romsdal blir som i dag.
  • Rogaland blir som i dag.
  • Oslo blir som i dag.

Partia held ope for at det kan bli justeringar av grensene mellom regionane nokre stader.

– Jobbe oss saman igjen

Møre og Romsdal har i fleire samanhengar stått fram som eit fylke med store indre spenningar. Ikkje minst har striden kring det nye, felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal gjort splittinga svært synleg.

– No har vi ein store veg å få for å finne saman att. Det er ikkje til å legge skjul på at der har vore saker som har splitta oss den siste tida, seier Gjerde.

For smått?

Møre og Romsdal vert slett ikkje den største regionen, verken i geografisk utbreiing eller i folketal. Eit av spørsmåla som kan dukke opp er korleis Møre og Romsdal skal klare å hevde seg omgitt av store regionar både i nord, sør og aust.

– Vi har analysert dette. Vi veit vi er sterke på næringsliv, på samfunnsutvikling og vi har klart å hevde oss overfor dei andre landsdelane før. Men vi kan ikkje sove. Vi må stå på krava og krevje at vi skal ha dei same oppgåvene som dei store regionane har, seier Gjerde.

– Alt å vinne på samarbeid

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde manar no til samhald i fylket. Ho bed alle som ønskjer seg ut av fylket og over til naboen om å sjå fordelane ved å halde seg til Møre og Romsdal.

– Eg vonar folk ser at vi har alt å vinne på å samarbeide. Så må vi finne ut av kva det er som gjer at det er ulike syn i dei forskjellige fogderia. Vi må vere rause med kvarandre. og byggje styrke i alle dei tre fogderia. Vi må støtte kvarandre i staden for å rakke ned på kvarandre.

Gjerde seier det er mange krefter som vil forsøke å splitte Møre og Romsdal. Ho meiner Møre og Romsdal kan bli eit lett offer om ikkje regionen står samla.

– Eg vonar også at det blir ei rask avklaring på spørsmålet om noko av Nordmøre skal gå over til Trøndelag. Vi må vite kor stor regionen vår blir slik at vi veit kva vi skal arbeide med. Eg trur dette blir avklart rimeleg raskt.

Toler regionen å misse nokon kommunar?

Det er ingen fordel for oss å bli mindre. Både den nordlege delen og den sørlege delen av fylket er tent med at vi held saman for å bli så sterk som mogleg. Så får vi ta det indre oppgjeret på kammerset og bli samde der.

– Men ein har hatt mange år på å bli samde internt. Kva skal føre til semje og samhald i Møre og Romsdal no?

– Først må vi forhalde oss til vedtaket på Stortinget. Eg følte vi var på veg til å bli eit mykje sterkare fylke før sjukehussaka kom og øydela skrekkeleg mykje for samhaldet. Tilliten er rask å bryte ned og det tek lang tid å byggje den opp att. Alle ser at vi har ein kjempejobb framfor oss, seier Gunn Berit Gjerde.