Hopp til innhold

Møre og Romsdal får 24 lærarspesialistar

Frå hausten får 24 lærarar i Møre og Romsdal høve til å jobbe som lærarspesialistar. Ordninga er meint å skulle heve statusen til yrket og auke rekrutteringa.

Illustrasjonsfoto av klasserom

Fleire lærarar skal få høve til å bli spesialistar i den nye ordninga. Illustrasjonsfoto

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

I alt 31 kommunar og seks fylkeskommunar har fått tildelt plassar i ordninga. I Møre og Romsdal gjeld det kommunane Molde og Sande, som får seks spesialistar kvar, medan fylkeskommunen, som har ansvar for dei vidaregåande skulane, får 12.

Det er Kunnskapsdepartementet som står bak ordninga. Tildelingane gir ikkje nye stillingar, men er ein del av etter- og vidareutdanningsordningane for lærarar.

– Vil gjere oss meir attraktive

For Sande kommune med vel 2600 innbyggjarar er tildelinga viktig, seier ordførar Dag Vaagen.

Dag Vaagen

Dag Vaagen er ordførar for Høgre i Sande.

Foto: Sande kommune

– Ja, dette er svært gledeleg, og eg trur det vil stimulere til ulike satsingar i skulen, seier han.

– Dette er ein honnør til sandeskulen og eg trur dette er viktig for heile læringsmiljøet.

– Trur du dette vil gjere Sande kommune meir attraktiv?

– Ja, vi har prøvd å vise at vi satsar på vidareutdanning for lærarar. Vi har vore offensive for å få ta del i desse ordningane, og her har nådd fram med det.

Håper at fleire får nytte av spesialistane

I utveljinga har departementet lagt vekt på å spegle eit mangfald, med tanke på kommunestorleik, skuletype og geografi. Slik sett har bykommunen Molde og småkommunen Sande ulike eigenskapar i utveljingsprosessen.

Konkret inneber ordninga at lærarar i norsk og eller realfag får høve til å bruke meir tid på fagleg leiing og utviklingsarbeid i skulen. Hovudoppgåva skal framleis vere undervisning, men dei får enten meir løn eller mindre undervisningstid for å kunne fordjupe seg.

Torbjørn Røe Isachsen og Bjørn Tømmerdal

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ordninga med lærarspesialistar gir lærarane høve til å velje ein fagleg karriereveg, og vi trur det vil bidra til å rekruttere dyktige lærarar og heve statusen til lærarane, skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isachsen i ei pressemelding.

I alt 208 lærarar får prøve ordninga dei neste åra. Dette er lærarar som har søkt om å få vere med. I tildelingane har departementet vurdert kvaliteten på søknadene om har kome inn. Prøveperioden er på to år.