Hopp til innhold

Møre og Romsdal er homo-sinke

Møre og Romsdal er det einaste fylket der Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring ikkje har fylkeslag. No ønsker dei å etablere seg for å gjere det enklare å vere homofil i Møre og Romsdal.

Homofili (Illustrasjon)
Foto: Scanpix / SCANPIX

Møre og Romsdal har aldri hatt eit eige fylkeslag for lesbiske og homofile. Men etter nyttår satsar Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) på å starte opp også her, fortel John Trygve Tollefsen frå LLH.

- All openheit og all synlegheit er viktig. At folk

John Trygve Tollefsen

John Trygve Tollefsen er prosjektleiar i LLH.

Foto: www.llh.no

får sjå at vi er ein naturleg del av bybildet vil gjere det lettare for andre som kanskje ikkje heilt har funne sin plass, seier Tollefsen.

 

Stolte homofile

- For LLH er det viktig at vi har opne, stolte lesbiske og homofile over heile landet. Det er viktig å vise at kven som helst kan vere homofil, og at vi fins overalt. Difor er det viktig å også starte opp eit fylkeslag i Møre og Romsdal, forklarer Tollefsen.

 

Med eit eige fylkeslag kan det bli lettare for homofile å stå fram, og lettare å etablere eit nettverk, trur Tollefsen.

Homofile flyttar til byane

- Eg trur det er svært viktig for dei som er skeive i Møre og Romsdal at dei no får på plass eit fylkeslag, seier Kamilla Øren Eidsvik.

Kamilla Øren Eidsvik

Kamilla Øren Eidsvik er leiar for Skeiv Ungdom.

Foto: www.skeivungdom.no

Eidsvik er opprinneleg frå Haram kommune, men bur no i Oslo og er leiar for Skeiv Ungdom.

- Homofile flyttar i langt større grad enn heterofile til dei større byane. Det er fordi der er betre nettverk for homofile, seier Eidsvik.

- Problemstillinga i Møre og Romsdal er ikkje at det ikkje fins andre som er skeive, men at det ikkje fins ein organisasjon som samlar dei.

Vil gjere det lettare å stå fram

Kamilla Øren Eidsvik har stor tru på at eit fylkeslag vil gjere det lettare å vere homofil, også i Møre og Romsdal.

- For det første vil det gi dei skeive meir tryggheit i forhold til seg sjølv. Dessutan kan det vere med på å endre haldninga til folk. At nokon er med på å bryte opp forventninga om at alle er heterofile. Når ein bryt opp, vil det gjere det lettare for fleire å følge etter, seier Eidsvik.

Møre og Romsdal - ei sinke?

At Møre og Romsdal er det einaste fylket i landet som ikkje har eige fylkeslag for lesbiske og homofile overraskar ikkje Eidsvik.

- Det har vore vanskeleg å få tak i ressursar og menneske som tør å stå fram i Møre og Romsdal. Det handlar om dei normene og forventningane som fins. Eg trur Møre og Romsdal er litt konservativt i forhold til religion og haldningar til homofili. Noreg generelt er ganske homofobisk, men eg trur Møre og Romsdal heng litt meir etter.

- Eg trur eit fylkeslag vil bety mykje for folk som bur i Møre og Romsdal. Det hadde vertfall betydd mykje for meg om det fantes eit slik fylkeslag då eg budde der, seier leiaren for Skeiv Ungdom.