Hopp til innhold

Presten Hanne kan framleis få spørsmål om kven ho bur saman med

Lesbiske Hanne Marie (35) blei nekta jobb som prest på Sunnmøre. No håper ho det blir slutt på at kyrkja spør om samlivet til søkjarar.

Hanne Marie Pedersen-Eriksen

Hanne Marie Pedersen-Eriksen ville gjerne ha fast jobb på Sunnmøre. Det fekk ho ikkje.

Foto: Rebekka Johannessen Litland

Hanne Marie Pedersen-Eriksen forlèt Ålesund utan den faste jobben som prest som ho ønskte seg. Ho treivst, lokalsamfunnet tok godt imot henne, og ho vil slå seg ned. Men biskopen i Møre sa nei fordi presten hadde planar om å gifte seg med ei anna kvinne.

No er den omstridde praksisen med å spørje prestar om samlivsform igjen tema i Den norske kyrkje. Det er Pedersen-Eriksen glad for.

– Eg håper vi no kan få ei lik ikkje-diskriminerande praksis i heile Den norske kyrkje, seier Hanne Marie Pedersen-Eriksen.

Vil framleis spørje

Det er Kyrkjerådet som har sendt på høyring eit forslag om at praksisen blir ulovleg i Den norske kyrkje.

Det har vekt uro fleire stader i landet, som i Agder og Telemark.

Nyleg svarte Stavanger bispedømme i sitt høyringssvar at dei likevel framleis vil spørje prestar om samlivsform.

No foreslår også Møre bispedømme at det framleis skal vere lov. Det går fram av innstillinga frå administrasjonen som er sendt ut før bispedømmerådsmøtet førstkomande måndag.

I innstillinga til møtet i Møre bispedømme står det at å nekte alle kyrkjelydar å spørje om samlivsform vil kunne føre til djupare kløft mellom meiningsmotstandarar i kyrkja.

Snudde nettopp sjølv

Dette skjer berre månader etter at bispedømmet sjølv gjekk vekk frå praksisen.

Biskop Ingeborg Midttømme sa då at formuleringa i jobbannonsane har skapt uro og smerte for andre menneske, og at ho ikkje kan stå for det lenger.

– Eg håper det kan nå fram til nokon som har ikkje har kjent seg respektert og verdsett for den dei er, seier Midttømme.

Biskop Ingeborg Midttømme ønskjer førebels ikkje å kommentere saka. Det ønskjer heller ikkje personalsjefen i Møre bispedømme som har skrive saksframlegget.

Ho skriv i ei tekstmelding til NRK at ingen ved kontoret vil kommentere saka før den er behandla måndag.

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme.

Foto: Roar Strøm / NRK

Magne Lerø er redaktør og kommentator og seier han trur Møre bispedømme er redd for at spenningane skal auke. Stadig færre bispedømme har praktisert løyvet til å spørje om samlivsform dei siste åra.

– Utviklinga går i den retninga, og dei er difor redde for at splittinga aukar dersom Kyrkjemøtet skal presse gjennom eit syn i ei sak som det har vore delte meiningar om i lang tid, seier han.

Skuffa

Therese Utgård Aas i Åpen Folkekirke, som også sit i bispedømerådet og Kyrkjerådet er skuffa over forslaget administrasjonen har kome med.

– Eg trudde vi hadde gått vidare. Eg tok til meg dei fine orda som kom frå biskopen og andre i bispedømerådet sist. Kyrkja skulle endeleg ta innover seg all sorg og skam den hadde påført alle skeive, seier ho.

– Eg syns det er veldig synd viss ein snur i saka no.

Administrasjonen argumenterer med at det å nekte alle kyrkjelydar å spørje om samlivsform vil kunne føre til djupare kløft?

– Det er ikkje dei konservative som er eit offer her. Det er skeive som alltid har blitt nekta å delta i fellesskapet i kyrkja. Vi må eit syn på menneskeverd. Det kan ikkje vere ei kløft mellom folk når det gjeld kva andre folk er verdt, seier Aas.

Flytta til København

Hanne Marie Pedersen-Eriksen er i dag prest i København, og tvilar på at ho nokon gong kjem tilbake til Møre. Ho har ikkje lese innstillinga til Møre bispedømmeråd, og vil ikkje kommentere den konkret.

– Eg har gjennom dei siste åra ytra meg om korleis tilsettingspolitikken til Møre bispedømme blir opplevd. Utover det har eg ingen ny kommentar, seier ho.

Kyrkjemøtet skal behandle saka seinare i år.

Les også: Kan bli nektet å spørre prester om legning i jobbintervju

Leder i Kirkrådet, Kristin Gunleiksrud Raaum og biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy
Leder i Kirkrådet, Kristin Gunleiksrud Raaum og biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy