NRK Meny
Normal

Mor tiltalt for barnemishandling

Ei 41 år gamal kvinne frå Romsdal er tiltalt for å ha lugga og slått dei to døtrene sine.

Norges lover

Saka skal opp i Romsdal tingrett 11. mai.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Dei to døtrene skal ha blitt utsett for vald og trugslar i perioden januar 2008 til juni 2012. I fylgje tiltalen skal mora ha lugga jentene og slått dei med knytt hand. Ho skal også ha brukt belte når ho slo dei.

I same periode skal mora også ha skremt døtrene med å seie at dei ville bli sendt vekk eller kasta ut av huset.

Det er statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som har tatt ut tiltale.